Hopp til innhold

Ni år etter «Kvitfjes» har ein ny dukka opp på Askøy

Terje Haugland kom nok ein gong tett på ein hjort med eit spesielt fjes. Men fargen gjer at hjorten har mindre sjanse til å overleve.

Hjort med kvitt fjes på Askøy

SJELDAN KRABAT: Terje Haugland kom tett på hjorten med den spesielle utsjånaden.

Foto: Terje Haugland

– Eg har aldri vore så nær før. Eg rakk å ta nokre bilete før han hoppa over gjerdet og forsvann, seier Terje Haugland til NRK.

Det var den same Terje som i 2012 fanga dei heilt unike bileta av hjorten «Kvitfjes» på Askøy.

Ekspertar var frå seg av begeistring over bileta av hjorten som spankulerte rundt med kvitt fjes og kvite bein.

Den nye hjorten med kvitt fjes vart observert på Hegernes på Askøy, nord for Bergen.

Slektning

No har det altså etter alt å døme dukka opp ein slektning med den spesielle utsjånaden.

– Det er framleis veldig uvanleg å sjå ein slik hjort. Og denne gongen kom eg tett på. Eg stod berre 10–15 meter unna då eg knipsa bileta, fortel Haugland.

Han trur bukken er på sitt tredje leveår. Han tok bileta på Hegernes, nord for Kjerrgarden på Askøy.

Kvit hjort beitar på Askøy

HOPPA VEKK: Etter å ha knipsa nokre bilete av den spesielle hjorten, hoppa den over gjerdet og sprang vekk.

Foto: Terje Haugland

Sjeldan kost

– Dette er artige og fine bilete av sjeldne tilfelle, kommenterer hjorteforskar Erling Meisingset ved Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio).

Han forklarar at fenomenet blir kalla leukisme og at den spesielle kvitfargen kjem frå manglande evne til å produsere naturlege pigment i huda eller pelsen.

– Men det mest vanlege er at dei har kvite «sokkar» nedst på beina. Det er svært sjeldan at hovudet og fjeset er så kvitt, seier Meisingset.

Ein ekte albinohjort, altså ein som er heilt kvit, er ikkje dokumentert i Noreg, men det finst eksempel på albinorådyr.

NRK rettar: I den første versjonen av denne saka, omtalte vi den nye hjorten på Askøy som ein albinohjort. Det er sjølvsagt ikkje korrekt og NRK har endra saken.

Terje Haugland

KNIPSA BILETA: Terje Haugland på Askøy.

Foto: Privat

– Mindre sjanse for å overleve

Meisingset veit at det ikkje er første gang det er observert slik hjort på Askøy.

– Dette fenomenet kan oppstå i same område eller flokk, så det viser jo at det er eit delvis arvbart trekk. Og dette eksempelet tyder jo på at hjorteslekta er vidareført her på Askøy, seier Meisingset.

Også dagleg leiar ved Norsk Hjortesenter lar seg begeistre av dei ferske bileta frå Askøy.

– I Europa er heilt kvite hjortar ikkje uvanleg, noko som skuldast at nokon har tatt vare på ein tilfeldig heilt kvit mutasjon og sikra at fleire med denne eigenskapen har overlevd, seier Johan Trygve Solheim.

Men å vere kvit hjort i naturen er likevel ikkje nokon fordel, presiserer hjorteeksperten.

– Slike individ har mindre sjanse til å overleva enn dei som er «normalfarga» og har den beste kamuflasjen, seier Solheim.

Tips

Terje Haugland er mykje ute i naturen og knipsar bilete. Den tidlegare kystoppsynsmannen håpar også få video av det nye hjortefunnet på Askøy.

Til dei som har lyst å få auga på den spesielle hjorten, har han eitt tips.

– Dei kjem ned for å beite på groen om kvelden, så sjansen er best frå rundt ni om kvelden og fram til det mørknar.

Hjort med hvitt hode

SLEKTNING: Terje Haugland tok bilete av denne hjorten i september 2012.

Foto: Terje Haugland