Hopp til innhold

Naudsamtalen då Ronny (43) vart funnen: «Det ser ut som nokon har prøvd å kvele han»

Den sjukehustilsette kvinna fann Ronny Nygård med ei grein «stramma rundt halsen». – Min første tanke var at dette var eit drap.

Ronny Nygård og riktig utsnitt av åstaden han vart funnen i Åsane

Ronny Nygård ble funnen død på ein parkeringsplass av ei kvinne.

Foto: Privat/Marit Hommedal(Scanpix)

Natt til 1. juni 2019 døde Ronny Nygård (43) på ein parkeringsplass ved Åsane terminal i Bergen.

Først trudde politiet at det kunne vera ei ulukke. Så vart ein mann (30) sikta for drap i saka. Denne veka møter han i retten tiltalt for grov kroppsskade med døden til følgje.

Påtalemakta meiner småbarnsfaren tok kvelartak eller stramma ei grein rundt halsen til Nygård og stakk ein trepinne inn i munnen hans. Ifølge tiltalen døydde Nygård som følgje av kveling.

30-åringen nektar straffskuld, men hugsar lite frå den kvelden og natta fordi han var full.

Krimteknikere viser hvor Ronny Nygård ble funnet død

FUNNSTADEN: Ein krimteknikar syner kor Ronny Nygård blei funnen død på morgonen 1. juni 2019. Han låg på ein stålkasse, med armane trekt over hovudet.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Ikkje ei ulukke

Torsdag vitna kvinna som fann Nygård død på morgonen 1. juni.

– Min første tanke var at dette var eit drap. Dette var ikkje ei ulukke. Det var slik eg oppfatta det då eg kom til åstaden, sa kvinna i 30-åra til retten, før dei drog på synfaring til plassen kor Nygård blei funnen død.

Mellom 20 og 30 personar, pressa inkludert, var med då hovudetterforskar Kenneth Berg gjekk opp ruta påtalemakta meiner tiltalte og avdøde gjekk etter at dei gjekk av nattbussen.

Statsadvokat Rudolf Christoffersen og hovedetterforsker Kenneth Berg på befaring i Ronny Nygård-saken ved Åsane terminal 18.8.22.

SYNFARING: Statsadvokat Rudolf Christoffersen og hovudetterforskar Kenneth Berg på synfaringa ved Åsane terminal torsdag.

Foto: Jon Bolstad / NRK

«Det ser ut som nokon har prøvd å kvele han»

Kvinna som fann Nygård opplyste til retten at ho jobbar som helsepersonell på sjukehus. Denne laurdagen skulle ho på treningssenteret Nr1 Fitness.

Medan ho pakka ut bilen sa eitt av barna hennar at det låg ein mann på parkeringsplassen nedanfor. Kvinna ringde til politiet og fortalde om den livlause mannen, men fekk raskt beskjed om å gå ned for å sjekke til han.

Aktor statsadvokat Rudolf Christoffersen spelte av lydklipp av heile samtalen til retten.

«Oi, nei. Uff og uff. Han er død» seier kvinna fortvilande samstundes som AMK koplar seg på samtalen og vil vite kor i Åsane mannen ligg.

«Han er død, han er iskald og har masse blod i nasen. Det ser ut som nokon har prøvd å kvele han med ein kvist eller grein» fortalde kvinna og presiserte til AMK at «eg er helsepersonell».

Nygård-saken i Bergen: Overvåkningskamera fanga opp Ronny Nygård (til høgre) og tiltalte (sladda) på Åsane terminal ca klokka 03.00.

GJEKK SAMAN: Tiltalte og Ronny Nygård på Åsane terminal natt til 1. juni 2019. Få timar seinare vart Nygård funnen død i nærleiken.

Foto: Politiet

– Var stramma rundt halsen

Kvinna hadde fått beskjed om å sjekke om mannen var livlaus og byrja difor å leite etter puls.

– I situasjonen tenkte eg ikkje på at eg kunne sjekke handledda hans, for armane var slått opp over hovudet hans.

Ho fortalde at ho måtte «flytte og losne» på greina for å komme til og sjekke puls i halsen. Greina var surra minst éin gong rundt halsen til avdøde.

– Det var ikkje berre å lette på greina, eg måtte ta tak. Når eg tok vekk greina såg eg blåmerke på halsen hans. Det var ingen puls.

– Kor stram var greina? spurte aktor

– Det sat så stramt at eg oppfatta at den ikkje var kom der av seg sjølv. Eg tenkte at nokon måtte ha stramma den for at det skulle bli såpass stramt. Han hadde ikkje snubla over noko greier og fått ei grein over seg, svara vitnet.

Les også Sambuaren hevda tiltalte var heime heile natta

Montasje av tiltalte og avdøde i Nygård-saken, samt åstaden der Ronny Nygård vart funnen død.

Forsvarar Einar Råen spurte om greina var festa til noko.

– Eg kan ikkje seie om den var fysisk knytt til noko eller hadde ein knute. Men eg oppfatta at greina gjekk rundt halsen og heldt seg stram fordi mannen låg med hovudet bakover.

Brukken kvist i Ronny Nygård-saka

KVIST: Denne kvisten meiner påtalemakta er brukt til å stikke Nygård i munnen med. Den har berre DNA frå avdøde på seg.

Foto: Politiet

Sådde tvil om politiet sine funn

Tiltalte hugsar svært lite av kvelden og natta der han og avdøde er fanga på eit overvakingskamera på bussterminalen, klokka 02:58 natt til 1. juni 2019.

Begge gjekk av same nattbuss frå byen. Dei kjente ikkje kvarandre frå før. Etter kort tid gjekk dei saman sørover mot parkeringsplassen der Nygård vart funnen død dagen etter.

Under synfaringa ved Åsane terminal kom både aktor, dommar og forsvarar med spørsmål til politiets etterforskarar.

Spesielt aktiv var forsvarar Einar Råen. Han prøvde å så tvil over funna til politiet og stilte etterforskarane fleire spørsmål om dei var sikre på dei opplysningane dei gav til retten, eller om dei kom med antakingar eller teoriar.

Forsvarsadvokat Einar Råen og aktor Rudolf Christoffersen på befaring på Åsane terminal i Ronny Nygård-saken

FORSVARAR TILTALTE: Advokat Einar Råen er forsvarar for den tiltala 30-åringen.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Politiet har gjort ein rekonstruksjon med den tiltalte tidlegare. Sjølv om hukommelsen har vore dårleg, har han der fortalt om at han ville unngå ein mann som ville ha han med på nachspiel. Derfor gjekk han vekk frå han nokre titals meter frå sjølve åstaden.

Råen spurte politiet gjentekne gongar om dei var «helt sikre på at avdøde og «nachspiel-mannen er en og samme mann».

Etterforskarane viste då til overvakingsvideoane på terminalen og til rekonstruksjonsavhøyret med sikta.

Ingen DNA på brekt kvist

GPS-data frå mobilen til tiltalte knyter han til åstaden med ein feilmargin på 13 meter klokka 03.09. I tillegg har krimteknikarar funne blodfragment frå Ronny Nygård på buksa og jakka som tiltalte hadde på seg den aktuelle natta.

På åstaden fann politiet ein brekt kvist under hovudet til Nygård, som påtalemakta meiner er brukt til å stikke 43-åringen i munnen med. Det er også funne ein bit av bark i såret inne i munnen.

Men på den brekte kvisten er det berre funnen DNA frå avdøde. Etterforskarane hadde tidleg ein teori om at dødsfallet kunne vera ei ulukke, der Nygård snubla i ein stålkasse og falt medan han prøvde å ta tak i eit lågthengande tre.

Difor vart ikkje greiner og kvister samla inn før dei gjorde formelt avhøyr av kvinna som fann Nygård med «greinene rundt halsen».