Hopp til innhold

Sambuaren hevda tiltalte var heime heile natta

Overvakingskamera viste den tiltalte bergensaren ved bussterminalen saman med avdøde Ronny Nygård. Men sambuaren fortalde politiet at han var heime heile kvelden og natta.

Montasje av tiltalte og avdøde i Nygård-saken, samt åstaden der Ronny Nygård vart funnen død.

GJEKK SAMAN: Tiltalte og Ronny Nygård på Åsane terminal natt til 1.juni. Få timar seinare vart Nygård funnen død i nærleiken.

Foto: Marit Hommedal (Scanpix) / Politiet

Ein småbarnsfar frå Bergen (30) er tiltalt for grov vald med døden til følgje, etter at Ronny Nygård (43) døde på ein parkeringsplass sør for Åsane terminal for tre år sidan.

Mannen nekta straffskuld då saka mot han starta i Hordaland tingrett denne veka.

Tiltalte hugsar svært lite av kvelden og natta der han og avdøde er fanga på eit overvakingskamera på bussterminalen, klokka 02:58 natt til 1. juni 2019.

Begge gjekk av same nattbuss frå byen. Dei kjente ikkje kvarandre frå før. Etter kort tid gjekk dei saman sørover mot parkeringsplassen.

Dagen etter vart Nygård funnen død her.

Brukken kvist i Ronny Nygård-saka

STUKKEN I MUNNEN: Påtalemakta meiner den tiltalte 30-åringen tok kvelartak eller kvelte Ronny Nygård med ei grein rundt halsen. Nygård skal også ha blitt stukken i munnen med denne kvisten, men den er det berre avdøde sitt DNA som er funnen på.

Foto: Politiet

– Uverkeleg

Ein av dei mange vitna i Hordaland tingrett dei siste to dagane, var sambuaren til den tiltalte 30-åringen. I juni 2019 hadde dei vore kjærastar i kring fire år og fått barn saman.

– Det er heilt uverkeleg. Dette er ikkje noko eg ville ha tenkt at han kunne gjort, sa kvinna om at sambuaren hennar er tiltalt i saka.

Les også Ronny (43) funnen død på parkeringsplass – funn på bukse er sentrale bevis

Delebilde / montasje mann i regnfrakk Ronny Nygård og parkeringsplass

Ho fortalde vidare at ho, sambuaren og søstera til sambuaren var heime hjå dei i Åsane fredag 31. mai.

I løpet av kvelden åt dei take-away pizza, før sambuaren hennar gjekk på byen etter å ha «drukke litt alkohol».

– Det var nok ganske spontant. Eg veit ikkje kven han skulle ut med, men eg rekna med han skulle treffe nokon, sa ho i retten.

Politiet har aldri fått svar på kven han var ute saman med.

Ronny Nygård

DØD: Ronny Nygård vart 43 år gamal. Han jobba som matros på ferja «Ole Bull» på sambandet Valestrandsfossen – Breistein.

Foto: Privat

Fortalde politiet at han var heime

Forklaringa til sambuaren i retten i dag skil seg frå dei første vitneavhøyra ho gav, då den no tiltalte mannen 19. juni vart pågripen og sikta for falsk forklaring i saka.

Dette var 18 dagar etter at Ronny Nygård vart funnen død.

Statsadvokat Rudolf Christoffersen las opp frå det andre avhøyret sambuaren gav denne dagen. I avhøyret fortel ho politiet at tiltalte var heime heile kvelden og natta til 1. juni.

– «På spørsmål om NN var ute på byen fredag 31. mai, svara vitnet at han var heime. Det var ho hundre prosent sikker på». Hugsar du at du fortalde det, spurte Christoffersen i retten.

– Delar av det, ja. Det er vanskeleg å svare på kvifor eg forklarte det sånn. Eg må ha gløymt at han gjekk ut, sa kvinna.

På spørsmål frå forsvarar Einar Råen sa ho seinare at heile situasjonen var «surrealistisk og veldig tung» for ho.

Dagen etter byturen oppførte sambuaren seg normalt. På spørsmål om korleis hukommelsen til sambuaren pleier å vere når han drikk, svara ho at den kunne svikte litt om han drakk mykje.

– I ettertid har dette blitt ein alvorleg sak. Har de snakka om kva han gjorde på byen?, spurte Christoffersen.

– Vi har snakka masse om saka, men han hugsar ikkje så mykje. Så mykje er jo vanskeleg å svare på.

Blå olabukse med rød ring på ene kneet, bevismateriale og politibilde

BEVIS: Det er funnen blod frå avdøde på buksa og jakka til den tiltalte.

Mobildata viser posisjon

Sjølv har mannen forklart at han hadde «blackout» store delar av kvelden og natta.

I retten har han ikkje greidd å gi noko forklaring på kva som skjedde i tidsrommet han gjekk av bussen på Åsane terminal klokka 02.58 og til han tok ein drosje heimover klokka 03.42 frå Rollandskrysset.

Lokasjonsdata frå mobilen til tiltalte, knyter han derimot tett opp mot åstaden der Nygård vart funnen død.

– Klokka 03.09 har vi treff på nedre del av parkeringsplassen, nær der Nygård vart funnen, sa Kripos-inspektør Olav Tolo til retten tysdag.

Feilmarginen på denne GPS-sporingen skal vera på berre 13 meter. Ifølge Kripos viser så mobildata at tiltalte gjekk vekk frå åstaden på parkeringsplassen nokre minutt seinare.

Ronny Nygård funnen død på denne parkeringsplassen ved Åsane terminal

Ronny Nygård vart funnen død på denne parkeringsplassen ved Åsane terminal.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Hevda han var skotsk

– Han vinka meg inn og sette seg inn i forsetet. Eg hadde ingenting å utsette på oppførselen hans, vitna taxisjåføren som køyrde tiltalte heimover den natta.

Men han fortalde at han reagerte på at tiltalte heile vegen snakka engelsk.

– Han hevda han kom frå Skottland og jobba i oljebransjen. Han tykte det var mykje som var dyrt i Noreg, sa taxisjåføren.

Den tiltalte er bergensar, IT-utdanna og har jobb i ein heilt anna bransje.

Også søstera til tiltalte vitna i retten i dag. Ho var heime med sambuarparet og åt pizza fredag 31. mai, før tiltalte gjekk på byen etter å ha drukke «tre-fire pils». Ho var også der då tiltalte kom heim om natta i 04-tida.

– Han var i godt humør då. Dagen etter var han sliten, men han oppførte seg ikkje rart. Han var heilt normal, sa søstera.

– Vi ønskjer svar

– For oss er det heilt uforståelig at dette har skjedd. Vi har lyst på eit svar på kva som har skjedd, så vi kan legge dette bak oss. Vi får ikkje Ronny tilbake, sa søstera til Ronny Nygård i si vitneforklaring i retten.

Ho fortalde om ein familie som tok tapet av sonen, broren og onkelen svært tungt. Mora deira gjekk bort ei tid etter at Nygård vart funnen død.

– Eg trur ho døydde av hjartesorg. Det gjekk veldig inn på ho, sa søstera.