Hopp til innhold

Ronny (43) funnen død på parkeringsplass – funn på bukse er sentrale bevis

Småbarnsfar (30) seier han «hugsar ingenting» av som skjedde natta før Ronny Nygård (43) blei funnen død.

Blå olabukse med rød ring på ene kneet, bevismateriale og politibilde

BEVIS: Det er funnen blod frå avdøde på buksa og jakka til den tiltalte.

«Eg veit ikkje».

«Det hugsar eg ikkje».

«Eg har inga aning».

Det var svara som gjekk igjen då ein 30 år gamal bergensar møtte i Hordaland tingrett måndag.

Han er tiltalt for grov kroppsskade med døden til følgje. Det skjedde etter at Ronny Nygård (43) vart funnen død på ein parkeringsplass ved Åsane terminal i juni 2019.

I åra som har følgt har saka endra status mange gongar. Den har frå politiet vore skildra som ei ulukke, ei drapssak og no ei valdssak.

Bergensaren, som har barn og sambuar, er også tiltalt for å ha forlate Nygård i ein hjelpelaus tilstand, utan å tilkalle hjelp.

– Eg nektar straffskuld, svara den skjortekledde mannen då dommaren spurde korleis han stilte seg til tiltalen.

Parkeringsplassen i Åsane, Bergen, der Ronny Nygård vart funnen død.

FUNNEN HER: Avdøde vart funnen på denne parkeringsplassen av ei forbipasserande kvinne på føremiddagen 1. juni 2019.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Vitneforklaring utløyste drapsetterforsking

Ifølge tiltalen tok tiltalte kvelartak eller stramma ei grein rundt halsen til Nygård og stakk ein trepinne inn i munnen hans.

Han døydde på staden som følgje av kveling, ifølge tiltalen. Ei kvinne som gjekk forbi fann han på formiddagen 1. juni 2019.

Då ho fann Nygård, fjerna ho nokre greiner av tre som ifølge henne var surra rundt halsen hans to gonger. Dette gjorde ho for å sjekke om det var puls.

– Då ho fortalde dette i formelt avhøyr med politiet, vart det opna drapsetterforsking. Det skjedde den 6. juni, seier statsadvokat Rudolf Christoffersen.

Ronny Nygård

DØD: Ronny Nygård vart 43 år gamal. Han jobba som matros på ferja «Ole Bull» på sambandet Valestrandsfossen – Breistein.

Foto: Privat

– Min type uflaks

Den no tiltalte 30-åringen vart først kalla inn som vitne i saka, før han 21. august 2019 vart sikta for drap på Nygård.

I retten fortalde statsadvokat Rudolf Christoffersen om det første avhøyret som drapssikta. På spørsmål om kva mannen tenkte om å vera pågripen og sikta for drap, svarte han:

«Det er ubehageleg, men eg hadde rekna med det. Det er min type uflaks».

– Ein ting er å ha uflaks, dette er vel hakket meir alvorleg enn å ha uflaks?, braut tingrettsdommar Kristin Farstad inn.

– Ja, beklagar. Eg er ikkje så flink å ordlegge meg. Eg var i sjokk då eg blei henta av politiet den dagen og var litt ute av det. Det er litt typisk meg at det alltid er noko som skal skje.

Slapp først ut av fengsel

Hausten 2019 slapp han ut av varetektsfengsel, fordi lagmannsretten ikkje kunne utelukke at det hadde skjedd i ulukke med Nygård.

Då viste dei til fleire obduksjonsrapportar frå rettsmedisinske sakkunnige, der konklusjonen om dødsårsak har vore endra fleire gonger.

Påtalemakta fann til slutt ikkje grunnlag for å tiltale mannen for drap, sjølv om han lenge var sikta for det. Øvre strafferamme i saka er likevel på 15 år fengsel.

I retten gjentok den tiltalte 30-åringen mykje av det same som han har sagt i fleire avhøyr; han var svært full natt til 1. juni og hugsar stort sett ingenting av verken kvelden eller natta.

– Eg hugsar ikkje kor eg var eller kven eg var ute med. Eg har berre nokre småglimt, stillbilete, av kvelden, fortalde mannen til retten.

Politiadvokat med hvit skorte og slips fotografert i rettssal

AKTOR: Statsadvokat Rudolf Christoffersen i Bergen tingrett.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Men eg ville aldri gjort noko slikt. Ser eg ein hjelpelaus mann, så ringer eg ambulansen. Det har eg gjort fleire gonger.

Statsadvokaten lista opp ei rekke indisium og bevis som har ført fram til tiltalen mot 30-åringen. Han la også fram bilete og videoar.

Dette er dei viktigaste bevisa

  • Tiltalte er fanga opp på overvakingskamera frå Åsane terminal, der han går av same nattbuss som avdøde klokka 02.58 natt til 1. juni. Tiltalte tar kontakt med avdøde før dei går i retning åstaden, som er motsett retning av der begge hadde bustad i Åsane.
  • Kripos har henta inn posisjonsloggen til mobiltelefonen til tiltalte. Den skal vise at han er nær staden der Nygård vart funnen klokka 03.09 og 03.14 før han klokka 03.19 beveger seg vekk frå åstaden.
  • Ein drosjetur klokka 03.42, der drosjen plukka opp ein person ved Rollandskrysset og køyrde nesten heim til tiltalte. Turen er betalt med bankkortet til tiltalte.
  • På jakka og buksa som tiltalte skal ha hatt på seg same natt, fann krimteknikarar blod frå avdøde.
  • Inne i eine handa til avdøde er det funne DNA frå tiltalte.
  • I løpet av dagen 1. juni var tiltalte inne på nettsidene til Bergens Tidende og Bergensavisen 17 gonger. Det «avviker fra de vanlige nyhetskildene han bruker, som er VG», ifølge statsadvokaten. Nygård sitt dødsfall vart ikkje omtalt i media før 7. juni, då politiet sende ut pressemelding for å få tips i saka.
Jakke til tiltalte i dødsfall-sak i Bergen

BLOD PÅ JAKKE: Også på jakken til tiltalte er det funne blod frå den avdøde.

Foto: Politiet

– Kvifor trur du det er funne DNA på deg?, spurte tingrettsdommar Kristin Farstad.

– Vi har jo vore i kontakt med kvarandre. Det vil vi sjå i bevisa. Eg hugsar ikkje at eg var så i nær kontakt med han. Av det eg har sett på overvakingsbilete så heldt vi rundt kvarandre og det var god stemning, svara tiltalte.

Forsvarar Einar Råen bad i si innleiing retten om å legge spesielt merke til DNA-beviset og spørje om kor mykje blod som er funne.

– Eg ber retten vere merksam på kva mengde blod det er snakk om og korleis dette kan vera knytt til avdøde, sa Råen.

Hugsa amper mann

Både dommaren og aktoren prøvde så med gjentekne spørsmål om få tiltalte til å hugse meir om kvelden. Christoffersen las også opp utdrag frå politiavhøyr.

Der hugsar tiltalte fleire detaljar både om bussturen heim frå byen og kva han gjorde etter at han gjekk av på Åsane terminal.

– Kva er grunnen til at du hugsar dette, men ingenting frå kvelden elles?, spurte aktor.

– Eg veit ikkje, svara tiltalte.

På bussen la han merke til ein mann som var «rappkjefta og amper» mot nokre ungdommar på bussen.

Om kvifor han gjekk mot Rema 1000, ein anna retning enn mot heimen sin, då han gjekk av bussen, har tiltalte i avhøyr forklart at han ville unngå ein mann som ville ha han med på nachspiel.

– Om det var Nygård eller ikkje, det veit eg ikkje, sa tiltalte i retten.

– Hugsar du fleire detaljar frå bussturen til Åsane terminal?, spurte aktor.

– Ikkje som eg hugsar no. Eg har prøvd å leve eit normalt liv sjølv om eg har hatt dette hengande over meg i tre år. Har prøvd å ikkje fokusere så mykje på det, svara tiltalte.

Det er sett av åtte dagar i tingretten til saka.