Målet er å gi dei vegfarande utsikt til det vakre landskapet i fylket. Det seier Liv Astrid Nordheim i prosjektet Opne Landskap.
Turistane må få sjå naturperlene
Bak prosjektet Opne Landskap står mellom andre Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som ønskjer at det ikkje skal gro att rundt oss. Dei vil at kommunane skal leite etter strekningar der rydding vil føre til at ein får sjå naturperler som skogen no dekker.
Fram til 2008
Prosjektet Opne landskap skal gå fram til 2008, og målet er å rydde slike vegstrekningar med skog som skjuler vakre perler. Kostnadane skal mellom andre Statens Vegvesen ta.