– Vi veit kva syn departementet har, men det er no viktig at styret for høgskulen får rom og ro til å gjere sine vurderingar, seier statssekretær Bjørn Haugstad frå Høgre.
Høgskulen i Sogn og Fjordane er ein av 18 statlege høgskular som er spreidde over heile landet, men regjeringa vil ha større einingar. Høgskulen i fylket skal no førebu ei sak til sitt styremøte i februar, der dei truleg vil formalisere vegen vidare.
- Les også:
- Les også:
– Vi meiner at den prosessen som no er komen i gang verkar svært positiv og konstruktiv så vi heiar på det.
Han seier departementet samstundes har full forståing for at alle dei som er glade i høgskulen i fylket er opptekne at studiestadane vi i dag har i Sogn og Fjordane, Sogndal og Førde skal vere minst like livskraftige om 10 år som dei er i dag.
– Det er vi heilt samde i, seier Haugstad.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Kva tykkjer du om sjølvstendestandpunktet som høgskulen i Sogn og Fjordane lenge har stått svært hardt på?
– Eg har ikkje noko behov for å karakterisere det ytterlegare. Vi har frå vår side peikt på at det blir krevjande for Høgskulen i Sogn og Fjordane å skulle stå åleine i eit nytt landskap med færre og sterkare institusjonar. No er det viktigaste at dialogen som er mellom dei to høgskulane og Universitetet i Bergen fører fram.