Hopp til innhold

Høgskulen får tre veker på å ombestemme seg

Kunnskapsdepartementet er ikkje nøgde med at Høgskulen i Sogn og Fjordane vil stå på eigne bein – og gir dei ein siste sjanse til å kome på andre tankar.

Heidi- Kathrin Osland

NY SJANSE: Styreleiar Heidi Kathrin Osland og Høgskulen i Sogn og Fjordane får ein ny sjanse til å seie kva høgskule dei vil slå seg saman med.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Høgskulen har fleire gonger sagt at dei ynskjer å halde fram som ei sjølvstendig eining.

No kan samanslåinga på nytt bli ei sak for styret.

– Dei ber oss om å tenkje oss om endå ein gong, seier styreleiar Heidi Kathrin Osland.

Kniven på strupen

Styreleiaren i Høgskulen i Sogn og Fjordane siktar til brevet som 22. desember kom frå Kunnskapsdepartementet. Bakgrunnen er eit møte fire dagar tidlegare.

I brevet set departementet kniven på strupen og gir høgskulen ein siste sjanse til å sjølv føreslå kven dei vil slå seg saman med. Brevet blir seinare i dag diskutert på eit leiarmøte i høgskulen.

– Når departementet ber oss om å gjere noko, så skal vi halde oss seriøst til det. Eg vil sende epost til styremedlemene og spørje dei om dei ser nye element sidan styremøtet 16. desember, seier Osland.

Møtte statsråden

For høgskulestyret har sagt høgt og tydeleg nei til ein fusjon. Det skjedde seinast i møtet med kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) 18. desember.

Torbjørn Røe Isaksen

NY FRIST: Statsråd Torbjørn Røe Isaksen (H) gir Høgskulen i Sogn og Fjordane ny frist til å seie kven dei vil slå seg saman med.

Foto: Marte Garmann

Likevel vil ikkje styreleiar Osland forskottere kva styret no kjem fram til. Dei har frist på tre veker på å gi ei tilbakemelding.

– Det er kanskje ikkje så mykje som har skjedd i romjula, men uansett skal vi svare skikkeleg på brevet frå statsråden, seier ho.

Ser på samarbeid

Statsråden har ikkje sjølv hatt høve til å kommentere, men grunnhaldninga til departementet står svart på kvitt i brevet:

  • Det blir krevjande for Høgskulen i Sogn og Fjordane å halde fram åleine.
  • Departementet er spesielt usikker på om Høgskulen kan bere ein femårig lærarutdanning.

Styreleiar Osland vedgår at ei utvida lærarutdanning blir krevjande både for Høgskulen og fleire andre skular. Difor ser ei gruppe no på eit samarbeid mellom institusjonane på Vestlandet.

– Vi er heilt avhengige av å samarbeide godt med andre om lærarutdanningane. Og det skal vi få til, avsluttar Osland.