Reisemålsutvalet leverte i dag ei utgreiing til Næringsministeren der dei tilrår at det blir innført eit nasjonalt «besøksbidrag» for å finansiere ein meir berekraftig turisme og meir «attraktive lokalsamfunn».
Besøksbidraget blir lagt på «transportleddet» og skal krevjast inn via cruise, buss, fly og bilar som ikkje har betalt norsk vegavgift.
Bakgrunnen for arbeidet er ei felles forståing hos næringsliv, vertskommunar og politisk hald om at turismen per i dag legg for stort press på enkelte kommunar og at næringa har eit stort vekstpotensial.
Vilkåret for å få tilgang til den nye besøksspotten er at norske kommunar opprettar ein eigen besøksstrategi. Tanken er at den nye potten vil stimulere kommunane til å få opp farta med å skape meir stabile rammer.
– Vi må slutte med brannsløkking der vi spring etter turistane og set opp toalett. Vi må ha ein plan og ei leiing lokalt i kvar kommune, sa utvalsleiar Trine Skei Grande ved framlegginga.
Ho la til:
– Eg håpar denne rapporten blir påskelektyre for mange. Sjølv om det ikkje er krim.
Vilkåret for å få tilgang til den nye «besøksspotten» er at norske kommunar opprettar ein eigen besøksstrategi.
Foto: Emil Bremnes– Noreg har allereie høge avgifter
Argumentet for å unngå ein meir klassisk turistskatt, til dømes eit påslag på hotellrekninga, er at det norske reiselivet er samansett og fragmentert, og at dei ulike aktørane har svært ulike føresetnader for å drive eigen «skatteinnkrevjing».
Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) kvitterte med at den nye modellen ikkje er heilt «gryteklar», men at han omgåande vil setje ned ei gruppe til å kalibrere ho.
Han la til at andre pilot- og forsøksordningar med turistskatt – slik mellom anna Lofoten ynskjer seg – vil gå føre seg parallelt.
Utgreiinga blir no send på høyring. Fristen for å sende innspel er 30. juni.
Det er venta at forslaget om auka skattlegging vil vekkje motstand, og NRK har vore i kontakt med fleire som steglar ved dagens nyheit:
- Sivert Bjørnstad, Frp: – Noreg har allereie høge avgifter, til dømes høgare moms enn mange andre land, som gjer det dyrt for turistar å besøkje Noreg. Viss vi gjer terskelen endå høgare fryktar eg at turistane vel andre reisemål enn Noreg, noko reiselivet i sum vil tape på.
- Preben Moen, mat- og drikkeansvarleg i Classic Norway Hotels: – Det verkar litt rart at det skal endå ein nasjonal skatt på reiselivet og næringslivet. Viss dette skal bli endå ein sentral skatt som skal styrast frå Oslo, vil eg meine dette berre er ein ekstra skatt som straffar lokale privateigde selskap.
- Per-Arne Tuftin, direktør i Norsk Reiseliv: – Eg var med under presentasjonen og tenkjar at vi allereie betaler flypassasjeravgift. Vi treng ikkje endå ei avgift på flytransport. Vidare er det viktig å involvere det private reiselivet på destinasjonane.
– Det verkar litt rart at det skal endå ein nasjonal skatt på reiselivet, seier Preben Moen. Her saman med Victor Basinskij.
Foto: Harald Kolseth / NRKNHO Reiseliv: – Vi er positive til skissa
I andre deler av bransjen er reaksjonen meir avventande og atterhaldsam.
– Utvalet har teke inn over seg at det ikkje må leggjast nye skattar på hotell og matstader. Det er bra. Så får vi sjå kva det endelege forslaget blir til slutt, seier Anders Nyland i Visit Bergen.
Direktør i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold, seier til NRK at ho er «glad for at reisemålsutvalet har lytta til kravet vårt om at det ikkje blir lagt nye skattar på hotell, restaurant eller uteliv».
– Hotella betaler allereie alle vanlege skattar og avgifter, og for renovasjon, toalett og parkering for gjestene sine. Besøksbidrag på enkelte stader der det er belastning og behov for betre tilrettelegging er det no mogleg å teste ut. Vi ventar på konkret løysing, men stiller oss positiv til skissa frå utvalet til løysing.
Tilsvarande signal kjem frå bransjedirektøren for reiseliv i Virke, Audun Pettersen.
– Eg vil rose utvalet for eit godt stykke arbeid der dei har klart å sjå samanhengen mellom reisemålsleiing, krav til lokale strategiar og fellesgodefinansiering. Det er godt handverk. Å leggje bidraget på transportleddet er ein interessant innfallsvinkel, men eg håpet at utvalet hadde komme lenger på med ein «gryteklar» oppskrift på korleis dette skal gjerast i praksis, seier han.
– Vi må slutte med brannsløkking der vi spring etter turistane. Vi må ha ein plan i kvar kommune, sa utvalsleiar Trine Skei Grande ved framlegginga.
Foto: Ingrid Gulbrandsen Årdal / NRK– Kan gjere Noreg meir attraktivt som reisemål
Odd Roar Lange i The Travel Inspector blir rekna som ein autoritet på norsk reiseliv.
– Dei fleste bekymringar blir det ikkje noko av. Også denne med at utanlandske turistar droppar noregsreisa på grunn av ein innreise- og utreiseskatt, seier han.
Om noko trur han at besøksbidraget vil gjere Noreg meir attraktivt som reisemål:
– På den måten får Noreg vist at dei tek produktutvikling på alvor. Det største problemet for Noreg i dag er at vi i stor grad verkar kjedelege og føreseielege.