– Me er svært skuffa over at museet vil vere stengt og utilgjengeleg for den oppveksande generasjon i fleire år framover. Det er dårleg økonomi å etterlate dette prosjektet halvfinansiert, skriv rektor Dag Rune Olsen i ei pressemelding.
IKKJE MEIR MIDLAR: Universitetet i Bergen får støtte til å fullføre oppussinga av Dei naturhistoriske samlingar.
Foto: Runa Victoria Engen / NRKI dag blei det kjent at regjeringa ikkje løyver meir pengar i statsbudsjettet til vidare oppussing av Dei naturhistoriske samlingar ved Universitetet i Bergen. Det gjer at opninga av museet er utsett på ubestemt tid.
Ifølgje Olsen betyr dette at UiB må stoppe opp midt i rehabiliteringa utan å vite når dei kan starte opp att. Dette fører og til at utgiftene ved oppussinga vil bli større når siste del av oppussinga blir sett i gong.
Får ikkje støtte til å fullføre oppussinga
Dei naturhistoriske samlingar ved Universitetet i Bergen er under ei storstilt oppussing. Den fyrste delen av rehabiliteringa er fullfinansiert, men andre del av den planlagde oppussinga blir no ikkje prioritet av regjeringa.
– LØFTEBROT: Audun Lysbakken (SV) meiner Høgresida bryt løfta sine når dei ikkje løyver meir pengar til Universitetet i Bergen.
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpixPartileiar og parlamentarisk leiar i SV, Audun Lysbakken seier Høgre no går i mot det dei tidlegare har lova.
– Eg er kritisk til at regjeringa stoppar rehabiliteringsarbeidet på Museumsbygget ved UiB, midt i arbeidet. Høgresida lova tvert imot meir pengar til dette, og det er eit soleklart løftebrot til Bergen at Universitetet ikkje får noko no.
– Mange saknar museet
Del to av oppussinga er ei rehabilitering av midtbygningen og nordfløya, som skal romme utstillingar og rom tilrettelagt for skuleelevar, publikum og museumsdrift.
– Dei naturhistoriske samlingar har vore stengt i eit år no og vil vere stengt i fleire år framover. Mange saknar museet. Det blir nok nokre barn i den mest kunnskapshungrige alderen som ikkje får oppleve « Dyremuseet» slik mange andre har gjort, seier museumsdirektør Henrik von Achen.
Statsbygg, som har ansvaret for gjennomføringa av prosjektet, har varsla 40 millionar kroner som oppstartsløyving for prosjektet i 2015. Heile prosjektet har ei kostnadsramme på 365 millionar kroner. Kostnadsramma er godkjent av Kunnskapsdepartementet.
21,3 millionar til Gamle Bergen
Desse musea i Hordaland får meir pengar i regjeringas forslag til Statsbudsjett:
- Regjeringa foreslår å løyve 21,3 millionar kroner i tilskot til nytt visingssenter ved friluftsmuseet Gamle Bergen Museum, som er ei avdeling av Bymuseet i Bergen. I statsbudsjettet 2015 blir det foreslått å løyve 2 millionar kroner i startløyving for 2015.
- Regjeringa foreslår at tilskotet til Museum Vest vert auka med 2,1 millionar kroner. Mellom anna skal pengane gå til etablering av ein ny formidlingsarena for fiskerihistorie ved museet si avdeling i Bergen.