Som det fyrste sjukehuset i Noreg, har Haukeland universitetssjukehus tilsett ein imam. Han heiter Muhammad Azeem, og er den fyrste i Noreg med tittelen «sjukehusimam».
Mohammad Azeem er førebels den einaste i Noreg som har stillingstittelen «sjukehusimam».
Foto: Vilde Midtbø Ulsten / NRK– Det er vanskeleg å vera innlagd på sjukehus, og pasientar vil alltid dela tankane sine med ein religiøs person, fortel Azeem.
– Eg gjev dei tid, og dei kjenner seg trygge når dei snakkar med ein imam. Då veit dei at dei snakkar med ein som kulturen og religionen deira, fortel han.
Det er heilt nytt det Haukeland universitetssjukehus har gjort her, for det finst ikkje andre sjukehusimamar i Noreg.
Leiar for prestetenesta, Liv Ingrid Svela, er glad for at dei no har Muhammad Azeem med på laget.
Leiar for prestetenesta på Haukeland universitetssjukehus, Liv Ingrid Svela.
Foto: Vilde Ulsten / NRK– Frå tid til anna får me spørsmål frå pasientar som ynskjer å snakka med ein imam. Og sidan pasientane gjev uttrykk for at dei treng ein imam å snakka med, så har me fått i stand dette engasjementet, seier Svela.
Imam Azeem jobbar no saman med dei fire andre sjukehusprestane for å gje andeleg støtte til pasientar som treng det. Førebels er dette ei prøveordning, og imamen er på jobb ein dag i veka.
Styrkjer det kulturelle tilbodet
Sjukehusdirektør ved Haukeland universitetssjukehus Eivind Hansen.
Foto: Vilde Midtbø Ulsten / NRKSjukehusdirektør Eivind Hansen, meiner at ein sjukehusimam hevar både det religiøse og det kulturelle tilbodet ved Haukeland universitetssjukehus.
– Me har ein filosofi og ein tanke om korleis me ynskjer å møta pasientar, fortel Hansen.
Han seier at kommunikasjon og møtet med pasienten og den einskilde pårørande er veldig viktig.
– No utvidar me tilbodet vårt, kompetansen og bakgrunnen for å kunna møta dei på ein enno betre måte, seier sjukehusdirektøren.