Hopp til innhold

«Det gler Sogndalhjartet mitt ekstremt»

Rolf Navarsete, for mange kjent som Mr. Sogndal, skryt hemningslaust av jobben Eirik Bakke har gjort med å få Sogndal opp att i eliteserien på første forsøk.

Rolf Navarsete

FAMILIEFEST: Navarsete meiner den lokale tilknytinga, med ein trenar frå eigne rekker, er viktig for suksessen laget har oppnådd i år.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Eirik er «tjomslig», snill, glad i alle og har god tid. I tillegg har han erfart den tøffe fotballverda. Det har skapt den tjomslege «Bakke-auraen» som gav opprykk fortare enn nokon kunne tru, seier Navarsete.

Han gav seg som aktiv spelar i 1977, og seinare har Navarsete vore formann, spelarutviklar, økonomisjef, anleggssjef og sportsleg leiar. Han la ned ein stor innsats då klubben fekk trenings- og kampbanar i Sogndal og Hafslo, og grasbaner på Fosshaugane, Kvåle og Lines, og ved bygginga av Sognahallen.

– Det Eirik har fått til på eitt år er den beste takken eg kunne fått for jobben eg har gjort tidlegare. Det gler Sogndalhjarta mitt ekstremt, seier Navarsete.

– Det har blitt ein familiefest

Mr. Sogndal trur den lokale tilknytinga har vore svært viktig i suksessoppskrifta.

– Det betyr voldsomt mykje med ein trenar frå eigne rekker. Stemninga har snudd. Fotballen kjem heim att, og det har blitt ein familiefest.

Sogndal har ein tradisjon for å velje lokale trenarkrefter, med namn som Ivar Stadheim, Harald Aabrekk og Torbjørn Glomnes blant dei. Jonas Olsson, svensken som leia Sogndal til nedrykk i fjor, får også godord frå Navarsete.

– Han gjorde ein kjempejobb, men trenarar utanfrå låser seg kanskje litt meir inne med seg sjølv når det buttar imot. Gjer ein det, kan det butte skikkeleg imot. Heile Bakke-familien er tjomsleg og har gjort mykje for fotballen i bygda. Då stiller folk opp.

SJÅ: TV-sak frå Vestlandsrevyen 26.10.2015.

– Eirik er ein ekte fjøragut og vaks opp på sørsida av fjøreveggen. Det er ikkje mange av dei. Det er utruleg kjekt - lokalt er bra, seier leiar for supportergruppa Saftkokaradn, Vidar Vadseth.

– Ein av dei beste sesongane i historia

Supporterleiaren rangerer årets sesong, og Eirik Bakke, høgt.

– Det er kanskje ein av dei betre gjennom historia, heilt der oppe i lag med opprykket i år 2000. Det står ekstrem respekt av jobben Eirik har gjort, der han har teke oss til opprykk i debutsesongen, seier Vadseth.

Bakke sjølv er glad for rosen, men oppmodar alle til å sjå framover.

– Det er flott å høyre godord. Vi er alle opptekne av å ha eit godt lag her. No har vi noko å byggje vidare på. Det er ein gamal klisje, men hardt arbeid leia oss til opprykket. No må vi jobbe hardt for å løfte oss inn mot neste sesong. Vi må sette nye mål for å stå best mogleg rusta, seier trenaren.