Hopp til innhold

Glomnes kåra til tidenes trenar

No er dommen klar. Tidenes Sogndal-trenar med solid margin er Torbjørn Glomnes, mannen som dyrka fram eit av dei beste Sogndalslaga nokon sinne.

Torbjørn Glomnes

TIDENES TRENAR: Torbjørn Glomnes trente Sogndal frå 2000-2002 og vann kåringa suverent.

Foto: Sander Heggheim / NRK

- Overraskande, samtidig synst eg det er ei ære å få denne tittelen, seier ein rørt Torbjørn Glomnes.

I konkurranse med blant anna dagens trenar Harald Aabrekk og den store trenaren på 70-talet, Per Ingvar Sviggum, vann Glomnes overlegent med nesten halvparten av stemmene.

– Eg er veldig glad for at folk hugsar meg, og ser på det som ei anerkjenning av jobben eg gjorde i Sogndal, seier Glomnes.

Offensiv

Han fekk Sogndal opp i eliteserien, og var trenar i glansperioden på byrjinga av 2000-talet. Det første han lærte i Sogndal var å vera offensiv, og han meiner at dette er hovudingrediensen i suksessoppskrifta frå den gong.

– Vi var veldig offensive i innstillinga vår. Vi såg oss ikkje tilbake, vi såg berre ein veg og det var framover, seier Glomnes.

Høyr heile sigersintervjuet her:

Gode minner

Han sit igjen med mange minner etter fleire år som trenar, men det han hugsar best er kvalifikasjonskampen mot Vålerenga i 2000-sesongen.

– Den haustkvelden på Ullevål då vi måtte spela minst uavgjort mot Vålerenga er eit av dei aller største minna mine, seier Glomnes.

Sogndal klarte 2-2 på Ullevål og rykka opp i eliteserien.

Optimist

Mange er skeptiske til Sogndal sine sjansar i eliteserien denne sesongen, men Glomnes har framleis ei offensiv holdning.

– Eg meiner Sogndal bør gå for ein plass mellom åttande og tiande, seier Glomnes.