Strålande blå himmel og sol skapte ei flott ramme rundt turrittet som i år hadde start og mål ved Slåtten skule i Førde. Rittet vart arrangert for 15. gong, og det var totalt 200 deltakarar med i år.
Løypa er om lag 90 kilometer og går på sørsida av Jølstravatnet til Skei, og deretter ned E39. På veg oppover måtte deltakarane kjempe mot vinden.
– Det var mykje vind, så det gjekk sakte opp til Skei. Deretter hadde vi vinden i ryggen ned att, så då køyrte vi det vi klarte. Det var gøy, fortel Mikael Johansen.
Inga ny bestetid
Saman med Thomas Kristiansen Grønfur kom Johansen først til mål. I fjor sykla Johansen inn til ny bestetid for rittet med tida 2:00:15, men tida i år er ganske mange minutt dårlegare.
Dei to ryttarane som syklar for Førde Cyckleklubb kom inn til tida 2:04:50.
– Vi tapte mykje tid på grunn av vinden på veg oppover, forklarar Johansen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
GLADE VINNARAR: Thomas Kristiansen Grønfur og Mikael Johansen er nøgde sjølv om det ikkje vart noko ny bestetid i år.
Foto: Bård Siem / NRK– Det viktigaste er å kome først
Også Kristiansen Grønfur er nøgd med dagens prestasjon. Han seier dei to skapte mykje av rittet sjølve og skapte seg ei god luke på veg ned att.
– Vi var åleine frå Skei og nedover. Vi jobba jamt, delte på å ta føringa og passa på å ikkje jobbe oss for mykje opp i raud sone, seier han.
Og om tida ikkje var god nok til å setje noko ny rekord, så deppar ikkje dei to sigersherrane av den grunn.
– Tida er ikkje det viktigaste, det er viktigast å kome først, ler Johansen.
Fleire år tidlegare har syklistar blitt skadde undervegs i rittet. I år var det til alt hell ingen uhell.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
MÅLGANG: Her kjem ei gruppe deltakarar inn mot mål ved Slåtten skule.
Foto: Bård Siem / NRK