Hopp til innhold

Håpar på ny rekord på Jølster Rundt

Ei gruppe på 25 syklistar prøver søndag ettermiddag å setje ny rekord på sykkelrittet Jølster Rundt.

Under rittet i 2010 sette rekordpulja ny rekord og kom i mål med ei tid på 2:01:26. Målet i år er å kome under to timar.

Startskotet gjekk frå Hafstad vidaregåande skule klokka 13, og dersom alt klaffar passerer rekordpulja mållinja tett før klokka 15.

Mikael Johansen frå Florø, som er blant favorittande til årets Jølster Rundt, gledde seg då NRK snakka med han like før start.

- Det blir eit tøft ritt spesielt i starten mede mykje motvind, men det er berre å tråkke til, seier Florøværingen som syklar for Førde CK.

- Kva er ambisjonane dine i dag?

- Dette er eit turritt der ingen vinnar blir kåra, så målet er å vere med i tetgruppa ved målplassering, sa Johansen før han måtte leggje i veg i retning Jølster.

Oppe ved Sunde, nokre kilometer ut i løpet, låg Johansen på andreplass like bak ein ryttar, med ei lite luke til gruppa bak.

Til saman er det vel 170 syklistar som deltek i Jølster Rundt.

Rett over klokka 15 sykla Mikael Johansen og Per Erik Eimhjellen først over mål. Rekordpulja sette ny rekordtid med 2:00:15.