Nye reglar skulle hindre velt som i ifjor, der to vart skadd.
- Vi valde å sleppe deltakarane ut puljevis, istadenfor alle på ein gong, fortel rittleiar Tom A. Stigen.
Men i årets ritt vart tre skadd etter fleire velt. To braut kragebeinet, og ein vart sendt til sjukehus med lettare skader.
- Det kan vere lett å hekte seg borti kvarandre, og det er vanskeleg å gardere seg imot, seier Stigen.
Verst på sørsida
Deltakar Vidar Halland såg to velt på sørsida av Jølstravatnet. Han fortel at vegen der er vanskeleg å sykle på i høg fart,
- Der er humpete, og det såg ut som at fleire velta på grunn av det, seier Halland.
Nye rekordar
Tom A. Stigen trur at dei nye reglane med puljer fekk fleire til å melde seg på. For rittet hadde ein voldsom deltakarrekord.
- Vi hadde 270 deltakarar i år, og den gamle rekorden er 150. Det er vi sjølvsagt kjempenøgde med, seier rittleiar Tom A. Stigen.
Ti deltakarar sette også ny rekord då dei sykla i mål på to timar og eit minutt.