Hopp til innhold

Ny rekordtid på Jølster Rundt

Ny bestetid under Jølster Rundt. Men det gjekk ikkje fullt så fort som syklistane hadde håpa på.

I nærare 90 kilometer i timen kom Mikael Johansen i medvinden frå Sunde og ned mot Førde sentrum.

Ny bestetid

Men det heldt akkurat ikkje til å kome under den magiske grensa på to timar. 15 sekund for seint, men med ny løyperekord, brasa Johansen i mål ved Hafstad vidaregåande skule.

Hakk i hel kom Per Erik Eimhjellen frå Eidsfossen Sykkelklubb. Begge fekk bestetida på 2:00:15.

- Det må gå neste år

- Akkurat no er eg litt irritert over at eg ikkje kom under to timar. Men eg gav alt på slutten og det var ikkje meir å hente. Eg satsar på å kome under to timar neste år, seier ein tydeleg sliten Johansen like etter målgang.

- Men det er vel eit bra plaster på såret med ny løyperekord?

- Ja, det er sjølvsagt bra med ny rekord. Men det er irriterande å vere så nær.

Til saman var det vel 170 deltakarar som var med på årets turritt.

To personar til legesjekk

Også rittleiar Erlend Birkeland er nøgd etter dagens konkurranse. Han kan likevel fortelje at to personar er sende til legevakta for sjekk etter at dei velta.

- Eg kjenner ikkje til detaljane om kva som skjedde, men to menn er sende til sjukehus for sjekk. Etter det vi kjenner til skal det ikkje vere snakk om alvorlege skader, seier Birkeland til NRK.no.

Ved AMK får NRK søndag ettermiddag opplyst at dei to er lettare skadde.

Varsla om dårleg asfalt

Tidlegare år har det vore fleire stygge ulukker under sykkelrittet. I fjor braut to syklistar kragebeinet, medan ein annan vart sendt til sjukehus med lettare skader.

Arrangøren har difor gjort ytterlegare grep for å hindre slike hendingar.

- Vi har vore ute å merka asfalten med spray der den er spesielt humpete og ekkel. Syklistane kjem ofte i full fart og det er vanskeleg å sjå korleis vegen er, seier Birkeland.

Dette er Jølster Rundt

Sykkelrittet Jølster Rundt startar ved Hafstad vidaregåande skule i Førde. Turen går så langs E39 opp til Vassenden, før syklistane syklar langs sørsida av Jølstravatnet opp til Skei.

Frå Skei tek syklistane E39 tilbake til Hafstad vidaregåande skule. Sykkelrittet er eit turritt som er på 90 kilometer.

Mikael Johansen

FØRST I MÅL: Mikael Johansen frå Førde CK kom først i mål og saman med resten av rekordpulja fekk dei bestetid med 2:00:15.

Foto: Bård Siem / NRK