Hopp til innhold

Minnemarkering i Stryn ti år etter

– Eg veit ikkje om det går an å gå vidare, men me må iallfall forsøke, sa overlevande frå Utøya, Torbjørn Vereide under markeringa.

Minnemarkeringa i Stryn.

MINNEMARKERING: Overlevande frå Utøya Torbjørn Vereide heldt tale på minnemarkeringa i Stryn.

Foto: Raymon Lidal / NRK

Over hundre menneske samla seg i Stryn for å minnast dei omkomne og etterlatne ti år etter terroråtaket på Utøya og regjeringskvartalet.

Etter klokkespel frå kyrkja og Stryn kulturhus introduserte varaordførar Torstein Tvinnereim minnemarkeringa.

Det blei lagt ned kransar på minnemonumentet i Stryn sentrum, til ære for Hanne Kristin Fridtun og dei andre omkomne 22. juli 2011.

– Det er ein veldig spesiell dag, og det kjem det alltid til å vere her i Stryn, sa varaordføraren til NRK.

Hanne Kristine Fridtun

UTØYA: Hanne Kristin Fridtun mista livet på Utøya 22. juli 2011. Ho ville i år ha blitt 30 år.

Foto: Privat

Frå Sogn og Fjordane var det fem menneske som deltok på sommarleiren på Utøya. Fred Ove Løtuft overlevde. Det gjorde ikkje Hanne Kristine Fridtun.

Hanne Kristine frå Flo i Stryn var blant dei 69 menneska som aldri kom heim.

I 2011 budde ho i Førde og studerte til å bli sjukepleiar. Ho var også fylkesleiar i AUF Sogn og Fjordane.

I august ville ho ha blitt 30 år. For Tvinnereim er dagen også personleg, sidan han var lærar for den unge politikaren frå Nordfjord.

– Vi kjem alltid til å hugse Hanne Kristine, for ho var eit fantastisk flott menneske.

Minnemarkering Stryn

KRANS: Varaordførar i Stryn, Torstein Tvinnereim, la ned krans ved minnestøtta under markeringa i dag.

Foto: Raymond Lidal / NRK

Overlevande heldt tale

På talarlista var overlevande stortingskandidat frå Vestland Arbeidarparti, Torbjørn Vereide.

– For å vere heilt ærleg har eg aldri grua meg så mykje som akkurat no. Boka eg har med er mest for halde fast i, sa Vereide på talarstolen.

I tala anerkjente han dei djupe såra som spesielt etterlatne familiar og vener framleis sit att med.

– Eg veit ikkje om det går an å gå vidare, men me må iallfall forsøke.

Tidlegare leiar i Stryn AUF, Paulina Sitarz og tidlegare ordførar i Stryn, Nils Petter Støyva heldt også tale på markeringa.

Sistnemnde var dåverande ordførar i kommunen på dagen for ti år sidan.

Godt oppmøte i Stryn under minnemarkeringa.

MARKERING: Over hundre menneske var samla då Stryn heldt ei minnemarkering for dei omkomne etter terroråtaket for ti år sidan.

Foto: Raymond Lidal / NRK