Hopp til innhold

Spelte dataspel saman – nokre år seinare prøvde han å drepe Fred Ove

Fred Ove Løtuft frå Byrkjelo overlevde terrorangrepet på Utøya 22. juli 2011. Under rettssaka året etter oppdaga han ein ekkel detalj.

Fred Ove Løtuft overlevde terrorangrepet på Utøya 22. juli 2011.

OVERLEVDE: Fred Ove Løtuft seier han alltid kjem til å måtte leve med det som hende på Utøya.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

«Politiet er her, politiet er her! Han skyt».

Då 16 år gamle Fred Ove Løtuft høyrde dette forstod han at noko var gale.

Han var ein av dei på Utøya som klarte å gøyme seg for terroristen som drap 77 menneske i Oslo og på Utøya 22 juli 2011.

Etter å ha lege under ei busk i 1,5 time kom 16-åringen frå Byrkjelo seg i tryggleik då ein politibåt oppdaga han og kompisen.

Utøya fra lufta

GØYMDE SEG: Fred Ove Løtuft gøymde seg under ei busk på Utøya.

Foto: NRK

Spelte dataspel med terroristen

Eit år seinare under rettssaka oppdaga Løtuft noko ekkelt.

Der kom det fram at Anders Behring Breivik hadde spelt dataspelet «World of Warcraft».

Eit rollespel på nett der folk samarbeider for å utføre oppdrag og utvikle karakteren sin.

Folk fekk vite kva grupper terroristen høyrde til på «World of Warcraft», eit spel Fred Ove Løtuft også hadde spelt.

– Eg og bror min spelte det spelet. Og då vi fann ut namnet på gruppa han hadde vore med i, logga vi oss på for å sjekke det opp, seier Løtuft.

– Då stemde namnet med den gruppa vi hadde spelt med.

En mannlig avatar i World of Warcraft.

SPELTE MED BREIVIK: Under rettssaka mot terroristen oppdaga Fred Ove Løtuft at han hadde spelt «World of Warcraft» med Breivik.

Foto: Flickr / Rolo Tomassi (CC BY-SA 2.0)

Umogleg å få inntrykk

Dette skal ha skjedd to-tre år før terrorhandlinga.

Dei hadde spelt saman i nokre timar.

– Det er vel litt chatting der, men det var minimalt. Gudane veit kor mange som var med i den gruppa, seier Løtuft når han tenker tilbake på rollespelet.

Han seier det var umogleg å forstå at han spelte saman med ein framtidig terrorist.

Behring Breivik gjekk under namnet «Andrew Berwick» og gav seg ut for å vere frå Finland.

– Det skal veldig mykje til å skape seg eit inntrykk av ein person over nett, seier Løtuft.

Under rettssaka i 2012 kom det fram at Behring Breivik brukte mykje tid på spelet, i snitt sju timar om dagen.

Enkelte dagar spelte han 16 timar. Dette heldt fram til under eit halvt år før terroraksjonen 22. juli.

Vil bruke dagen for seg sjølv

I dag ti år etter er 26-åringen tilbake i Byrkjelo der han jobbar med fotobehandling i bedrifta Repix.

Fred Ove Løtuft vil bruke dagen i dag med tankane for seg sjølv.

Ein ekstra tanke går til Hanne Kristine Fridtun frå Stryn som mista livet på Utøya.

– Eg minnast om dette når eg vil minnast om det. Eg kjem kanskje til å reise til Stryn for å besøke grava til Hanne, men eg kjem ikkje til å gjere noko stort ut av det, seier Løtuft.

Han fortel at ein god familie og gode kollegaer gjer at han føler han lever eit normalt liv.

– Eg prøver å legge det bak meg, men eg veit at dette kjem til å følge meg vidare. Eg tar dag for dag, som eg har gjort både før og etter, og lever livet slik eg vil leve det.