Hopp til innhold

Står saman i sorga - minnast ofra med lys

Fleire hundre har i kveld samla seg for å minnast ofra etter trippeldrapet i Årdal.

Det har vore ei stille og roleg markering der omlag 200 personar møtte fram til minne om 19 år gamle Margaret Molland Sanden frå Årdalstangen og dei to andre ofra etter trippeldrapet måndag.

Årdalstangen musikklag spelte salmar og «Til ungdommen» av Nordahl Grieg. Den flate steinen ved kommunehuset er dekka av blomar, lys og helsingar. Venner og tidlegare klassekollegaer hadde møtt fram for å vise medkjensle. Mange gret, for det er stor sorg i bygda.

I ettermiddag var det minnestund i Farnes kyrkje. Mange møtte opp også der for styrkje og støtte kvarandre i sorga.

Vi er vel alle i sjokk. Eg trur dei unge har mange konkrete spørsmål. Kva som skjedde og korleis dette kunne skje, og alt dette. Det er ikkje så mange svar på det, sa sokneprest Olav Nesse.

Nå i kveld har det vært minnestund på Årdalstangen etter tragedien i går. En av de drepte, 19 år gamle Margaret Molland Sanden, kom fra Årdalstangen, og mange mennesker hadde møtt opp på torget ved kommunehuset i kveld for å minnes henne og de to mennene som ble drept.

VIDEO: I kveld har det vore minnsestund på Årdalstangen etter tragedien som skjedde måndag.