Hopp til innhold

Har opna kyrkja for sørgande i Årdal

Kyrkja i Øvre Årdal er open utover kvelden, ikkje minst for alle dei unge årdølene som vil minnast Margaret Molland Sanden.

Minnestund Farnes kyrkje

MINNAST: Mange har kome til Farnes kyrkje tysdag ettermiddag for å minnast dei drepne.

Foto: Christian Blom / NRK

No klokka 15.00 starta minnestunda i Farnes kyrkje, og sokneprest Olav Nesse vonar at dei som har behov for å kome saman i sorga tek turen til kyrkja.

– Vi opnar kyrkja for folk frå alle aldrar og samfunnslag. Eg trur det er mange som ønsker å dele sorga si og omsorga si med andre som kjem inn for å vere i lag, seier Nesse til NRK.no.

Han peikar på at dette er ei open samling for alle som kjenner seg berørt av trippeldrapet.

– Men det er kanskje særleg for dei yngre som kjende Margaret godt. Vi tenkjer vel spesielt på ungdomane no. Det er vel ikkje så mykje ein kan gjere. Lensmannen kjem til å informere kort, og ordførar og prest skal seie litt. Det kjem til å vere ro, musikk og tende lys, fortel Nesse.

Minnestund Farnes kyrkje

STILLE STUND: Sokneprest Olav Nesse inviterer til opa kyrkje i Øvre Årdal tysdag ettermiddag.

Foto: Christian Blom / NRK

Han meiner det er viktig å kome saman og høyre til, og styrkje kvarandre i ein slik situasjon som har råka samfunnet i Årdal så sterkt.

– Det er ei hending som er heilt uforståeleg for oss. Vi er vel alle i sjokk. Eg trur dei unge har mange konkrete spørsmål. Kva som skjedde og korleis dette kunne skje, og alt dette. Det er ikkje så mange svar på det.

– Kor lenge vil de halde på?

– Vi held på til det er ferdig. Vi har ikkje noko klokkeslett. Vi er her til folk går heim att.