Hopp til innhold

Titusenvis syner sorg gjennom sosiale medium etter bussdrapa - i Årdal tenner dei lys

Titusenvis av menneske landet over syner no si støtte og sorg etter trippeldrapet i Årdal. Samstundes vert torget i heimbygda fylt opp med levande lys.

Minnegruppe

STOR STØTTE: Svært mange har trykt liker på dei ulike minnegruppene, og mange har også tent lys til minne om drapsoffera.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Onsdag morgon hadde over 62.000 menneske trykt liker på Facebook-gruppa «Til minne om Margaret Molland Sanden», berre nokre timar etter at gruppa blei etablert.

Også andre minnegrupper har dukka opp i sosiale medium, alle med den same bodskapen, støtte til ofra etter trippeldrapet.

Ein ny måte å samlast om sorga

– Dette er ein heile ny måte å samlast og uttrykkje kjensler på. Det vi ser er at veldig mange på kort tid etablerer slike grupper, og då får dei ein stad der dei kan uttrykkje kjenslene sine veldig brått og spontant.

Det seier forskar ved SINTEF og ekspert på endringar i sosiale medium, Petter Bae Brandtzæg. Han ser ein klar tendens til at slike grupper dukkar opp i samband med stadig fleire hendingar. Men samstundes rettar han også ein åtvarande peikefinger mot det ein ser på til dømes Facebook.

Petter Bae Brandtzæg

SER UTFORDRINGAR: Forskar Petter Bae Brandtzæg.

Foto: Privat

Kjem fram sterke kjensler

– Det som skjer er at det og kjem mange ubearbeidde kjensler, for ein har jo ikkje hatt tid til å reflektere over dette og kva som eigentleg har skjedd. Då kjem det også svært mykje hat og sterke kjensler mot det som har skjedd. Både når det gjeld innvandringspolitikk og denne asylsøkjaren, seier forskaren.

– Vi veit jo eigentleg svært lite om bakgrunnen for dette. Ikkje at det skal forsvare eit drap på tre menneske, det er jo grufullt og ein treng slike rom for å lufte kjenslene, slår han fast.

Samstundes har bygdefolket i Årdal samla seg tett kring dei pårørande og dei som er direkte råka av knivdesperadoen sine herjingar på Valdresekspressen måndag kveld. På Torget på Årdalstangen har fleire hundre lys og lykter blitt tent, og mange samla seg til minnestund i kyrkja.

– Kan ikkje erstatte personlege møter

Gateprest i Oslo prosti, Jan Christian Kielland, jobbar mykje via sosiale medium. Mellom anna via nettsida gatepresten.no. Han meiner det er bra at ein syner sorga på ulike måtar. Både i det store vevuniverset, men først og fremst gjennom nærleik i lokalmiljøet.

– Eg har jo møtt ungdom mykje over nett og har opplevd at då er det lettare å ta kontakt, og lettare å gje uttrykk for sårbare opplevingar. Men det kan samstundes aldri erstatte det personlege møtet, seier Kielland til NRK.no.

Han peiker på at mange i dag lever ut mykje av livet sitt via sosiale medium, og då er det naturleg at sorga også blir ein del av det.

– Det kan også vere noko fint og støttande ved det å sjå at det er mange som bryr seg om den som er pårørande og den er etterlaten. Samstundes så tenkjer eg at ein skal vere medviten på at sosiale medium aldri kan erstatte det å møtest ansikt til ansikt, slår gatepresten fast.

Drapa på Valdresekspessen i går har sjokkert folk i bygda.
Tilsaman tre personar vart drepne på bussen som var på veg til Oslo. Trippeldrapet ombord i Valdresekspressen i går kveld preger lokalsamfunnet i Årdal. Flere titalls vitner har vært inne til avhør, men gjerningsmannen er overført til Sandviken sykehus i Bergen for utredning av den psykiatriske helsetilstanden hans.

TENNER LYS: Stor sorg i Årdal etter trippeldrapa måndag kveld.