Hopp til innhold

Ministeren: – Studentar skal få ha praksis

Nær 2000 studentar i Bergen og omland blei nekta å ha praksis på grunn av strenge koronatiltak. No opnar regjeringa for at studentane kan gå på jobb igjen.

Pressekonferanse om koronasitusjonen

VIKTIG AVKLARING: Minister for høgare utdanning, Henrik Asheim, slår no fast at studentar likevel kan ha praksis så lenge smittevernreglane blir haldne.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Det er viktig for at studentane skal få gjennomført utdanninga si utan forseinking. Det betyr at også studentar i bergensområdet skal ha praksis så langt det lèt seg gjere og i tråd med lokale smittevernavgjerder.

Det skriv minister for høgare utdanning, Henrik Asheim, i ein e-post til NRK.

Onsdag kunne NRK fortelje at sjukepleiarstudent Kristina Dahl og mange andre studentar ved Høgskulen på Vestlandet hadde fått beskjed om at praksisen var avlyst.

Bakgrunnen var dei svært strenge tiltaka som vart innført på kort varsel, då Bergen frykta spreiing av sørafrikansk og engelsk koronavariant.

– Vi risikerer å bli permittert frå studiet i eitt år om vi ikkje får gjennomført praksis, sa Dahl til NRK.

Kristina Dahl skulle ha vore i praksis som sjukepleiarstudent.

Kristina Dahl frå Åsane i Bergen er ei av mange som skulle starta i utdanningspraksis denne veka. Ho er frå før utdanna helsefagarbeidar og gler seg til å bli sjukepleiar.

Foto: Privat

Kan gjennomføre praksis

Helsedirektoratet har no avklart at praksis kan gjennomførast også i smitteutsette område, så lenge smittevernreglane blir haldne.

I eit brev til universitet og høgskular skriv Kunnskapsdepartementet at praksisstudentane skal definerast som tilsette.

Det gjeld til dømes sjukepleiarstudentar, sosialfag og lærarstudentar.

– Det kom ei avklaring frå Helsedirektoratet tysdag om at praksis kan gjennomførast så framt smittevernavgjerdene blir overhaldne. Det er dette som gjeld, slår statsråd Henrik Asheim fast.

Påbodet om stenging av lokala til fagskular, universitet og høgskular, skal ikkje i seg sjølv vere til hinder for gjennomføring av praksis.

Bybanestoppet på Kronstad ved Høgskulen i Bergen

FÅR GJENNOMFØRE: Praksisstudentar ved Høgskulen i Vestland har fått avklaring frå regjeringa.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Etterlyste svar

Rektor på HVL, Gunnar Yttri, har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar torsdag ettermiddag.

Men denne veka etterlyste han nettopp ei klargjering frå sentrale styresmakter.

– Når våre studentar er i praksis så er dei ein del av arbeidslivet og arbeidslivet treng dei. Dermed så stoppar vi og deira viktige kvalifisering til sine profesjonar som dei er i gang med, sa Yttri.

Men kommunaldirektør i Bergen, Trine Samuelsberg, er ikkje heilt roa ned etter avklaringa frå departementet.

Dei har torsdag kveld ikkje opna opp att praksisplassane, skriv Bergens Tidende.

– Dei meiner dei er tydelege, og det har eg full respekt for. Men eg tykkjer ikkje det som mottakar, seier ho til BT.

Fredag skal kommunen i møter med Statsforvaltaren, og håpar då på ei avklaring om praksisgjennomføringa.