Hopp til innhold

Kva for juletre er best for miljøet?

Du grøne, glitrande, miljøvennlege tre. Men kva bør du velje: ekte eller plast? Det kjem an på, svarar forskaren.

Juletre med pakker under.

GRØNT OG SKJØNT: I nær alle heimar er juletreet pynta og klart for julehøgtida. Men kva er det grønaste valet?

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Julepynta juletre lyser no opp stover i vårt langstrekte land.

Så mange som 90 prosent av oss held fast på denne tradisjonen, syner ei undersøking frå 2022.

Medan ekte juletre var det som gjaldt i mange år, har etter kvart plastjuletreet fått sitt inntog i norske heimar.

Så mange som 60 prosent av oss hentar fram eit plastjuletre frå boden før jul, medan dufta av kvae og skog fyller 30 prosent av heimane.

Men kva er det grønaste valet?

– Vel, det kjem heilt an på, svarar Borgar Aamaas, klimaforskar ved Senter for klimaforsking, Cicero.

Dette er det aller beste

Som regel vil det ekte juletreet komme best ut.

Juletre-felling

Å hente eit kortreist og usprøyta juletre er det aller beste for klimaet.

Foto: Yngve Tørrestad / NRK

Særleg dersom du kan gå rett ut i skogen og hogge det ned på eiga hand.

– Då vil utsleppa vere svært låge, seier Aamaas.

Klimapilotene har også sett nærmare på kva som er best for miljøet.

Dei har rekna seg fram til at eit ekte juletre har eit utslepp på 3,8 kg CO₂.

For eit kunstig juletre er talet 11 gongar så høgt, nemleg om lag 40 kg CO₂.

Dei fleste kunstige trea er laga av plast og er ikkje resirkulerbare. Mange av dei er også laga i Asia og har høgre transportutslepp.

Borgar Aamaas

Klimaforskar Borgar Aamaas får kvart år spørsmål om kva som er best; plast eller ekte vare?- Dette er eit spørsmål som aldri går av moten, seier han.

Foto: Cicero

Fordelen med ekte tre er at dei er nedbrytbare og dei fleste er dyrka i Noreg.

Ulempa med ekte tre

Men det er ikkje alle som kan luske ut med øksa i handa og hogge tre frå eigen skog.

For mange går turen til ein marknad der det blir selt juletre som er dyrka fram til nettopp dette formålet.

– Å kjøpe desse treng ikkje vere eit dårleg alternativ, men det kjem an på kor langt treet har reist før det hamnar i stova di, seier klimaforskaren.

Desse kommersielle trea er ofte gjødsla og sprøyta, noko som ikkje er så bra for miljøet.

Juletre med transportnettingen som skal gjøre det lettere å håndtere

30 prosent vel eit ekte tre og mange kjøper tre som er dyrka fram til nettopp dette formålet.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

– Det kan også vere at trea er dyrka på område som tidlegare var matjord eller beitejord, samt at dei kanskje tek plassen til større skog som kunne ha fanga opp mykje meir karbon, forklarar Aamaas.

Også Framtiden i våre hender peiker på desse ulempene når det gjeld ekte tre, men at det beste for klimaet likevel vil vere å gå for ekte tre.

Plast kan vere innafor

Plastjuletre kan også vere eit godt val – men berre dersom det blir brukt i mange år, fortel forskaren.

Kor mange år bør det vere i bruk før det er ok miljømessig?

– Dersom ein har plastjuletreet i 15–20 år, så vil eg seie at det er god ressursbruk. Men dersom du brukar det i berre nokre få år, og byter det ofte ut, så er det det verste, seier Aamaas.

Men ikkje mist nattesøvnen om det juletreet ditt ikkje går av med «klimasigeren».

– Dette er ikkje det største utfordringa vår, då er det nok andre ting å bekymre seg meir for. Det er også viktig med julekos. Og om du går for eit kortreist ekte juletre, eller eit plasttre gjennom mange år, så kan ein ha god samvit med det.

– Kva vel du sjølv då?

– Vi har faktisk ikkje juletre. Sånn blir det når ein anten reiser til svigers eller til eigne foreldre i jula, seier Aamaas.

Han legg til at hans eigne foreldre går 50 meter ut i skogen, finn det finaste grantreet som dei tek med heim og pyntar.