Landsmøtet i Høgre vedtok søndag samrøystes ein resolusjon om å overvinne problemet med plastforsøpling. Forslaget kom opphavleg frå Fjell Høgre i Hordaland.
Men då energi- og miljøkomiteen på Stortinget tysdag behandla eit representantforslag frå Miljøpartiet Dei Grøne for å stanse forsøpling av havet og kysten, stemte Høgre mot dei fleste delane av forslaget.
– Høgre går mot sitt eige parti, meiner Arild Hermstad, som er førstekandidat for Miljøpartiet Dei Grøne Hordaland.
- Bakgrunn:
Liknande forslag
– Fire av våre forslag er tilnærma identiske med det Høgre vedtok på landsmøtet. Dette var ein test på om Høgre meinte det dei gjekk inn for, og svaret er ganske tydeleg, seier Hermstad.
Han er skuffa over at dette skjer etter at kommunalministeren har vore på besøk for å plukke plast, og klima- og miljøministeren har varsla tiltak mot plastforsøpling.
– Dette må òg vere skuffande for Fjell Høgre, som tilsynelatande fekk fullt gjennomslag for fleire tiltak mot plast for berre to dagar sidan, seier Hermstad.
– Felles mål
Leiar for Fjell Høgre, June Vibecke Knudtsen Indrevik, meiner det er positivt at MDG føreslår tiltak på linje med Høgre når det gjeld plastforsøpling.
– Høgre og MDG brukar litt forskjellige ord, men i utgangspunktet er vi veldig einige om kva ein ønskjer å oppnå, seier Indrevik.
Ho er ikkje nemneverdig bekymra over innstillinga frå energi- og miljøkomiteen.
– Det vert no jobba vidare i regjeringsapparatet med vedtaket frå landsmøtet vårt om marin forsøpling. Det er truleg òg grunnen til at våre nasjonale politikarar har stemt mot forslaget frå MDG, seier Indrevik.
- Les òg:
Det bekreftar Tina Bru, som representerer Høgre i energi- og miljøkomiteen. Ho er ikkje einig i kritikken frå MDG.
– Ein haug av forslaga frå Miljøpartiet Dei Grøne er allereie under utgreiing i departementet. At vi ikkje stemmer for desse forslaga, betyr ikkje at vi ikkje deler intensjonen, seier Bru.
Ho viser til at det er ei stortingsmelding på veg som tek opp temaet, og at Miljødirektoratet har fått i oppgåve å greie ut ei rekke tiltak mot marin forsøpling (ekstern lenke).
– Så de går ikkje i mot eige parti, slik MDG meiner?
– Nei, på ingen måte. Dette er noko vi har brydd oss om lenge før MDG kom med desse forslaga, seier Bru.
- Les òg:
Ønskjer velkomen til MDG
Arild Hermstad meiner Høgre har ein for dårleg plan for kva dei skal gjere med plastforureininga
– Dersom lokalpolitikarane har problem med å formidle til partiet sentralt kva som går føre seg ved kysten, bør dei vurdere om dei heller bør bli medlem av MDG.
Men leiaren for Fjell Høgre er klar på at medlemmene ikkje vil byte parti.
– Som lokallag kjem vil til å passe på at våre stortingspolitikarar heldt i denne saka, seier Indrevik.