Hopp til innhold

MGP-kjendisar song for dei eldre

Eldre i Florø kunne onsdag ettermiddag gle seg over song frå to av dei som skal syngje på MGP-delfinalen.

Isabella Leroy og Hanne Sørvaag

UNDERHELDT DEI ELDRE: MGP-finalistane Isabella Leroy og Hanne Sørvaag.

Foto: Birger Meland / NRK

Hanne Sørvaag og Isabella Leroy
Foto: Birger Meland / NRK
Isabella Leroy og Hanne Sørvaag
Foto: Birger Meland / NRK
Eldresenteret i Florø
Foto: Birger Meland / NRK
Eldresenteret i Florø
Foto: Birger Meland / NRK

Steminga på Furuhaugane bu- og servicesenter var god då artistane Isabella Leroy og Hanne Sørvaag heldt minikonsert.

Sørvaag har skrive fleire vinnarlåtar i Melodi Grand Prix, men no skal ho for aller første gong stå på scena sjølv. Leroy er kjend som tidlegare Idol-deltakarar.

Flott publikum

Sørvaag tykte det var kjekt å syngje på eldresenteret.

– Det var så koseleg stemning då vi kom hit, så det var kjempekjekt. Det er eit flott publikum og dei er veldig lydhøyre. Det er det beste som finns.

Leroy fortel at ho har blitt godt motteken i Florø. Ho har vore i idrettshallen før, då ho spelte handball.

– Eg er veldig glad i Florø, fortel ho.

Stemmesanking

Som artist reiser ho mykje rundt og ho seier at det betyr alt.

– Vi får masse kontakt, og det er flott når vi gir så masse av oss sjølve. Det er viktig å nå ut til folk.

Og med ein generasjon som nok hugsar Nora Brockstedt med Voi Voi godt, så innrømmer jentene at dei håper på litt stemmer frå bebuarane her.

– Ja absolutt, eg håper dei stemmer på oss. ler dei.