Hopp til innhold

På 20 år har frimerkesalet falle med 93 prosent – her er eitt av fire nye

Sidan 2001 har frimerkesalet falle med 213 millionar. Når Posten i haust lanserer sin siste serie, er verdas første batteridrivne ferje blant motiva.

Kaptein Johan Landsverk på MF "Ampere" og distribusjonsleiar i Posten, Torill Sætre

NYTT FRIMERKE: Johan Landsverk, kaptein på MF «Ampere» og distribusjonsleiar i Posten, Torill Sætre.

Foto: Bår Siem / NRK

Presentasjonen av det nye frimerket skjedde om bord på nettopp MF «Ampere», som går på sambandet Lavik – Oppedal i Sogn.

– Det er jo alltid kjekt når det kjem frimerke som har tilknyting til vårt området. Det seier frimerkesamlar Per Rune Vereide frå Sandane.

Frimerke nummer 2116 i rekka i Noreg er noko han og mange filatelistar over heile landet har venta på.

Ein stolt distribusjonsleiar i Posten, Torill Sætre, presenterte det nye frimerket:

– Valet fall på MF «Ampere» fordi ho er den første og største batteriferja i verda.

Utdøyande rase

Tidlegare samla nesten «alle» på frimerka.

Mange hugsar gjerne posane med assorterte frimerke frå heile verda som ein tidlegare kunne få kjøpt.

Toppåret for frimerkesalet var i 2001, då Posten selde 228 millionar frimerke.

Sidan har postvolumet falle med 80 prosent. I tillegg har Posten også lansert andre frankeringsalternativ som har medverka til salsnedgangen.

I fjor vart det selt kring 15 millionar frimerke. Det er også lengre mellom dei ihuga samlarane.

Tubfrim i Nesbyen

Ung frimerkesamlar hjå Tubfrim på Nesbyen i 1970. Tubfrim vart i oppretta 1928. Formålet var samle og selje brukte frimerke, der overskotet gjekk til tuberkulosearbeid blant norske barn.

Foto: NRK

– Eg må vel vedgå at gjennomsnitts frimerkesamlaren i dag er ein god vaksen mann, seier Vereide.

Også frimerkeklubbane merkar at det vert lengre og lengre mellom dei unge medlemmene. I den nest største frimerkeklubben i landet, Bergen filatelistklubb er medlemstalet meir enn halvert sidan slutten av 1980-talet og tel no 200 medlemmer.

– Vår neste generasjon, som vi vel får seie er «fulldigitaliserte» dei vil nok falle ifrå etter kvart. Men dei som samlar i dag, er nok meir opptekne av frimerka enn dei var for ein generasjon sidan, seier leiar Olav Håkonsen.

Han er framleis optimistisk med tanke på frimerke.

– Det vert nok meir digitalisering, men så lenge det er nokon som kjøper og sel postkort vil frimerke vere etterspurde. Og alle vil sende kort med eit fint frimerke, og gjerne det alle siste, seier Håkonsen.

Samferdsle i fokus

Posten har tilpassa nyutgjevnadane etter behovet. På det mest aktive sleppte dei over 40 frimerke på eitt år på tidleg 2000-tal. Vel 30 på eit normalår.

Siste åra har Posten lansert 20–24 nye frimerke fordelt på 10–12 seriar eller tema.

Frimerkesamling, Ulf Vennesland

Samling av norske frimerke.

Foto: Pål Tegnander/NRK

Den siste frimerkeserien tar for seg kommunikasjonshistorie. Til no har det vore frimerke med norskproduserte bilar, mopedar, syklar og motorsyklar.

– No er turen komen til ferjene som på same måte som Posten, bind landet saman, seier Sætre.

MF «Svelvik» på frimerke.

MF «Svelvik» blir frimerke. Når det gjeld frimerka med MF «Moskenes» og MF «Angvik» er desse førebels ikkje lanserte.

Foto: Posten

Av 130 ferjesamband har Posten plukka ut fire som vil vere å finne på dei norske frimerka framover.

– Det enda opp med ei typisk byferje, Sundbåten i Kristiansund, Noregs lengste ferjestrekke Bodø – Røst – Værøy – Moskenes, og Noregs kortaste Svelvik – Verket. Og sist men ikkje minst MF «Ampere», seier Sætre.

173 år med norsk frimerkehistorie

Det første frimerke såg dagens lys i England i 1840. I 1855 kom det første norske. Det nye frimerket med MF «Ampere» er i handelen frå 7. oktober.

Frimerke med MF «Ampere».

MF «Ampere» er verdas første elferje. Frimerket som kjem for sal i haust er designa av Jørn O. Jøntveit

Foto: Posten

– Det er noko som kjem til å vere interessant for dei lokalhistorisk interesserte, og frimerkesamlarar. Det er ofte same mennesketypen, seier Håkonsen.

Eg driv med litt sånn venstrehandssamlar på norske frimerke, og frimerke som har tilknyting til Sogn og Fjordane. Frimerket med MF «Ampere» går inn i ei slik samling, for det er ikkje så mange frimerke som har tilknyting til vårt fylke, seier Vereide.