Hopp til innhold

Men vinteren var ikkje over

Mange har dei siste dagane blitt overraska av snøfall heilt ned i låglandet, sjølv om vi snart skriv mai.

Snøfall 24. april

TETT SNØDREV: Lærdal 24. april.

Foto: Jan Christian Jerving

– Det kan nok framleis kome nokre byer, men det vert heldigvis færre og færre av dei, seier statsmeteorolog Kristian Gislefoss.

I det kalenderen går mot mai er nok dei fleste mest innstilte på vår, men naturen ville det annleis. Både sundag og måndag har snøen lagt seg heilt ned i låglandet fleire stadar i fylket.

– Vi har fått inn svært mykje kald luft kombinert med vind som kjem frå nord, og då kjem det nokre byer. Når atmosfæren er så kald som den er no så hjelper det ikkje om det er nokre plussgrader ved bakken. Nedbøren rekk ikkje å tine og då kjem den sno snø, seier Gislefoss

Fin start på mai

Kristian Gislefoss

LOVAR FIN START PÅ MAI: Statsmeteorolog Kristian Gislefoss

Foto: Kristin Granbo / NRK

For dei som no byrjar uroe seg for konfirmasjonar og andre festdagar i mai, så kan Gislefoss trøyste med at det neppe blir skiføre i låglandet når vi passerer månadsskifte.

– Første del av mai ser svært lovande ut med tanke på finvêr. I slutten av denne veka kan det nok bli litt smårusk og fredag og laurdag skal du nok ikkje så veldig høgt før du treffer på snøen.

Men på sundagen skjer det noko. Eit høgtrykk er i ferd med å bygge seg opp.

– Så når mai byrjar då vert det mykje finvêr. I alle fall så langt eg kan sjå, som er 3. mai. Det blir stigande temperaturar og vi skal nok over 10 grader og vi får mykje sol, seier Gislefoss.