Hopp til innhold

Mellom landets tettaste forsvar

I 2007 sleppte dei inn 69 baklengsmål. I år er det berre fem lag i heile landet som slepp inn mindre mål enn Tornado Måløy.

Tornado Måløy feirar seriemeisterskap.

Tornado Måløy kunne i går feire seriemeisterskapen i den lokale 3. divisjonen.

Foto: Stig Høynes/haugenfotball.no

NRK har gjort ei samanlikning mellom alle laga i 3. divisjon, 2. divisjon, 1. divisjon og Eliteserien. Av dei 388 laga er det berre ei handfull lag som slepp inn færre mål i snitt enn årets seriemeister i den lokale 3. divisjonen .

- Eg visste vi sleppte inn lite mål, men det er sterkt, seier ein aldri så stolt TMFK-trenar Geir Ove Refvik.

Over 60 baklengsmål

Med 2-0 over Dale i går, sikra vågsøylaget seg sin første krinsmeistertittel etter samanslåinga med fotballgruppa til Måløy i 2003. Nøkkelen har vist seg å vere eit tilnærma pottetett forsvar.

Med berre 17 baklengsmål er dei desidert gjerrast i den lokale 3. divisjonen. Med eit snitt på 0,83 baklengsmål per kamp, hamnar dei også høgt på nasjonalt plan.

- Det deffensive har vore fokus for oss dei siste par åra. For tre år sidan sleppte vi inn over 60 mål. I fjor vart det 30, medan vi i år håpar å ikkje bikke 20, seier Refvik.

Merkbar betring

Betringa har vore merkbar. Laget har gått frå 69 baklengsmål i 2007, til 38 i 2008 til 29 i fjor. I år har Tornado Måløy halde nullen i ni av så langt 20 spelte kampar.

Framover har dei scora i alle kampane.

- Vi er kjent for vårt offensive spel, men til grunn for det ligg alltid eit godt forsvar. Vi har vore bevisst på spelartypane vi har hatt i forsvar, held trenaren fram.

Solid sisteskanse

Refvik gir både forsvarsrekka, og ikkje minst keeper Magnus Thor Magnusson, ei stor del av æra. Islandske Magnusson kom til klubben i fjor og vert av Refvik skildra som divisjonens beste keeper.

Det meste Tornado Måløy har sleppt inn i løpet av årets sesong er to mål - det har til gjengjeld skjedd seks gonger.

- Magnus Thor er ein stabil keeper. Berre i går hadde han to avgjerande redningar. Han er stor, har god rekkevidde og flink til å prate. Einaste minus er straffespark, seier han om 27-åringen som nett signerte ny toårskontrakt med Tornado Måløy.

- For ujamnt

Refvik trur ikkje at statistikken viser at 3. divisjon i Sogn og Fjordane er noko særleg dårlegare enn andre stadar i landet.

- Men den viser at det er ujamnt og for stort skilje mellom topp og botn. Men det gjeld ikkje berre Firdaligaen. Difor ynskjer eg den nye 3. divisjonen velkomen. Det blir betre kampar og meir spenning, seier Refvik.

P.S. Tornado Måløy har att både Sogndal 2 og Høyang i dei to siste kampane i årets serien. Etter det ventar kvalifiseringskamp mot vinnaren av 3. divisjon i Buskerud, anten Birkebeineren eller Jevnaker.