Meiner systemet gjer politiet til eit bokmåls-politi

Leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, meiner politiet sitt system gjer etaten til eit bokmåls-politi, og meiner saka til Jens Brekke syner kor viktig mållova er for å sikre at slikt ikkje skal skje.

Marit Aakre Tennø

VIKTIG: - Det er viktig at folk tek kampen, slik som Jens Brekke, seier leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø.

Foto: Pressefoto / Noregs Mållag

– Det klagesaka har synt, er at uansett kor velvillige Sogn og Fjordane politidistrikt vil vere til å skrive nynorsk, så kan dei ikkje. Rett og slett fordi dei har eit system som gjer heile politiet i Norge til eit bokmåls-politi, seier leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø.

Jens Brekke frå Vik fekk i sommar eit førelegg på 7000 kroner for å ha mista kontroll over eit bål, og for å ha brote brann- og eksplosjonsvernlova. Brekke vedtek gjerne førelegget, men han betalar ikkje ei krone før han får bota på nynorsk.

Politiet på si side, syner til at dei ikkje er pliktige til å følgje mållova når det gjeld utskrivinga av sjølve førelegget, då Sivilombodsmannen uttalte dette i ei liknande sak i 1994.

– Utan mållova ville det meste komme på bokmål

Dessutan jobbar politiadvokatane i eit datasystem som er felles for heile landet, og der dei hevdar det ikkje ligg inne ein nynorsk-versjon. Dette provoserer Tennø sterkt.

– Det saka syner er nettopp kor viktig mållova er for å sikre at slikt ikkje kan skje. Hadde ein ikkje hatt reglar som mållova som skal regulere forholdet mellom bokmål og nynorsk, så ville det meste komme på bokmål, seier Tennø.

Ho peikar på at det er summen av alle brota på mållova som gjer at det blir mindre nynorsk blant ålmenta, og meir bokmål.

– Alle slike små saker er det som gir nynorskbrukarane dei rettane dei har i dag. I lys av det er det Jens Brekke og mange med han gjer, veldig viktig, seier Tennø.

Nynorsk-folk klagar lite

Ho peikar på at nynorsk-folk slett ikkje er dei som klagar mest.

– Det seier Språkrådet. Det er altfor få klager på denne typen mållovsbrot. Så Brekke gjer ein heiderleg og viktig innsats, seier Tennø.

At Sivilombodsmannen har uttalt at sjølve utskrivinga av førelegg er unnateke mållova, likar Tennø dårleg.

– Mållaget hadde helst sett at det var slik at dette fall inn under mållova, som mykje anna. Det er jo slik at det mållova regulerer, har ein krav til å få på nynorsk, seier Tennø.

Ho peikar på at det største problemet i saka er at ikkje sjølve blanketten er på nynorsk.

– Det er vel fleire som skulle ha sagt sitt om kva som er endeleg rett her. Det har vi vel ikkje det endelege svaret på, seier Tennø.

(Artikkelen held fram under videoen)

No er sogningen Jens Brekke i krangel med påtalemakta igjen.

IKKJE FØRSTE GONG: I 1987 fekk Jens Brekke ei fartsbot på bokmål. Den gongen tok det sju år før han fekk bota på nynorsk. Foto: Halvor Farsund Storvik

Ikkje alltid snakk om vond vilje

At ein ikkje kan velje nynorsk i politiet sitt system, som vert nytta til å skrive ut førelegg, tykkjer ho vitnar om eit systematisk brot på mållova.

– Vi ser ofte slike lovbrot fordi system og programvare finnst berre på bokmål. Det er ikkje alltid snakk om vond vilje, men meir det at ein ikkje tenkjer på at Norge er ein tospråkleg stat. Idet ein har det, kan aldri språkval vere nøytrale. Ein må alltid velje om ein skal skrive på bokmål eller nynorsk. Det denne saka syner, er at utan mållova vert dei fleste slike val, på bokmål, seier Tennø.

Politidirektoratet ønskjer framleis ikkje å la seg intervjue av NRK. Men politiinspektør Knut Erik Huseby i Politidirektoratet seier følgjande:

– Politiet er opptekne av mållova og ønskjer sjølvsagt å følgje den. Vi er kjende med problemstillinga, og vi jobbar kontinuerleg for at publikum skal bli nøgde, seier Huseby.

Nye malar er på plass 1.1.2018

Han legg til at politiet er i gang med ein stor reform, både når det gjeld organisering og måten politiet skal jobbe på.

– Ein viktig del av dette handlar om fornying av IKT-verktøyet. Malane skal bli både enklare og betre i bruk, i tillegg til at dei skal komme på nynorsk, seier Huseby.

Han beklagar at dette har teke tid.

– Men dette er ein stor og omfattande reform som det tek tid å gjennomføre. Malane på nynorsk vil vere tilgjengelege 1. januar 2018, seier Huseby.

Jens Brekke har fått varsel om tvangsinndriving av bota, som opphavleg var på 7.000 kroner, men som no er oppe i 8.290 kroner med purregebyr og renter. Viss han ikkje betalar, kjem politiet på døra 4. desember.

– Eg har ikkje tenkt å gi meg, seier Brekke.

Politiadvokat Sissel Kleiven ved Sogn og Fjordane politidistrikt har sagt til NRK.no at ho skal omsetje førelegget til Brekke, så snart ho får tid.

– Eg har ikkje sett noko til det endå, men det er no nokre dagar att, seier Brekke.