Hopp til innhold

Meiner nynorskelevar fortener ekstrapoeng ved opptak til høgare utdanning

Mållaget vil gje ekstrapoeng til dei med nynorsk som hovudmål. – Vi har allereie eit lappeteppe av ulike opptakskriterium, svarer kunnskapsministeren.

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag

– Universitets- og høgskulelova kan bøte på det skeive tilhøvet mellom nynorsk og bokmål i vidaregåande skule. Det kan Asheim bidra til gjennom aktivt å favorisere nynorskelevane.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK

– Skuleelevar med nynorsk som hovudmål må få ekstrapoeng ved opptak til høgare utdanning, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

I dag kan du ved opptak til høgare utdanning få ekstrapoeng for realfag, framandspråk, fullført folkehøgskule, militær- eller sivilteneste, alder og kjønn.

Nynorsk bør inn i denne folden, skriv Hauge i eit innlegg i Bergens Tidende.

Han retter appellen til forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H), som denne våren skal sende framlegg om ny lov om universitet og høgskular på høyring.

– Universitets- og høgskulelova kan bøte på det skeive tilhøvet mellom nynorsk og bokmål i vidaregåande skule. Det kan Asheim bidra til gjennom aktivt å favorisere nynorskelevane.

Mållagsleiaren knyter vidare an til den nye språklova, som no er til behandling i Familie- og kulturkomiteen på Stortinget.

– Svekkjer posisjonen til nynorsken

I utkastet til ny lov foreslo regjeringa å fire på kravet om at alle statleg tilsette skal kunne skrive og svare på både bokmål og nynorsk.

– Forslaget frå regjeringa til ny språklov svekkjer moglegheita til å halde posisjonen til nynorsken i hevd framover, sa kulturpolitisk talsperson i Ap, Anette Trettebergstuen tidlegare i februar.

Formann i Bokmålsforbundet, Steinar Øksengård, er lite imponert over forslaget til Mållaget:

– Dette er ikkje nytt, men kjente toner. Nynorsk går tilbake, trass i nynorskvennlege lover og 80 millionar kroner i året i direkte støtte, seier han.

Anette Trettebergstuen

SVEKKJER: – Forslaget frå regjeringa til ny språklov svekkjer moglegheita til å halde posisjonen til nynorsken i hevd framover, sa kulturpolitisk talsperson i Ap, Anette Trettebergstuen tidlegare i februar.

Foto: Vidar Ruud

Språkrådet har ikkje vurdert tilleggspoeng

Åse Wetås er direktør i Språkrådet, som følger opp den norske språkpolitikken på oppdrag frå Kulturdepartementet.

Ho seier dei ikkje har vurdert tilleggspoeng, men at dei «ser nærare på alle verkemiddel som kan støtta opp om dei langsiktige måla for språkpolitikken».

– Det aller viktigaste må vera å gje nynorskelevar eit språkleg likeverdig opplæringstilbod i grunnskule og vidaregåande, seier ho.

NRK har óg vore i kontakt med Norsk studentorganisasjon, som kallar det «eit spanande innlegg i debatten», men ikkje har noko kommentar utover det.

Norsklektor Liv Cathrine Krogh meiner forslaget til mållagsleiaren kan få uante konsekvensar.

– Det hadde vore gøyalt og sett kor mange ambisiøse østlandselevar som då ville bytta til nynorsk som hovudmål, skriv ho på Twitter (rett nok på bokmål).

– Vi har fått eit lappeteppe av ulike opptakskriterium

– Regjeringa har bestemt at det skal setjast ned eit utval som skal sjå på heile systemet for opptak til høgskule og universitet. Vi har fått eit lappeteppe av ulike opptakskriterium, ikkje minst med alle tilleggspoenga, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Han legg til:

– Det kjem stadig forslag om nye tilleggspoeng, men det er ingen som har sett seg ned og sett på summen av alt dette. Difor kastar vi no alt opp i lufta, og tar ein grundig gjennomgang.

Henrik Asheim, Arbeids-og sosialminister.

GJENNOMGANG: – Det kjem stadig forslag om nye tilleggspoeng, men det er ingen som har sett seg ned og sett på summen av alt dette. Difor kastar vi no alt opp i lufta, og tar ein grundig gjennomgang, seier Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).