Meiner ny språklov opnar for at tilsette slepp svara e-postar på nynorsk

Noregs mållag meiner den nye språklova på enkelte område vil kunne svekkje nynorsken. – Dette er ikkje noko å feire, meiner leiar Peder Lofnes Hauge.

 Peder Lofnes Hauge

KRITISK: Leiar i Noregs mållag Peder Lofnes Hauge let seg ikkje imponere over den nye språklova.

Foto: Elise Årdal

– I dag får me den første heilskaplege språklova nokonsinne, sa kultur- og likestillingsminister Abid Raja (V) då han i dag la fram framlegg til ny språklov.

For første gong skal Noreg ha éi enkelt lov som styrer språkpolitikken i det offentlege.

Denne tirsdagen er det 135 år sidan jamstillingsvedtaket, som slo fast at bokmål og nynorsk skulle vere jamstilte offentlege skriftspråk.

Men framlegget imponerte ikkje Noregs Mållag.

– Dette er ikkje noko å feire, meiner leiar Peder Lofnes Hauge.

Mållagsleiaren fryktar lovframlegget kan skada nynorsken meir enn det vil sikra språkleg mangfald.

– På nokre område vil lova faktisk kunne svekkje vilkåra for nynorsken, hevdar han.

Kultur- og likestillingsminister Abid Raja (V)

FÅR KRITIIKK: Abid Raja (V) la fram framlegg til ny språklov tysdag. Noregs mållag er ikkje nøgd.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Fylkeskommunen skal svara på di målform

I dag slår mållova mellom anna fast at «statsorgan skal svare på skriv frå private rettssubjekt i den målforma som er nytta i skrivet.»

I den nye språklova får offentlege organ eit særleg ansvar for å fremja nynorsk. I tillegg skal også fylkeskommunane svara bev og meldingar på avsendaren si målform.

– Dei språklege rettane til både bokmålsbrukarar og nynorskbrukarar blir styrka, heiter det i pressemeldinga.

Erlend Horn og Peder Lofnes Hauge ser på mobiltelefoner

LYSPUNKT: Trass kritikken mot den nye språlova meiner leiaren i Noregs Mållag at det finst lyspunkt. At nynorsk får særskilt vern er noko dei trekk fram som eit framsteg.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Anerkjenner samisk og norsk teiknspråk

Men ansvaret for å oppretthalda bruken av begge målformer blir flytta til statlege organ, i staden for at alle statstilsette må kunna skriva begge målformer.

– Det er vanskeleg å sjå korleis ein skal nå målet om å styrkje nynorsken som det minst brukte språket, samstundes som ein føreslår eit regelverk som i ytste konsekvens gjer at berre ei handfull personar i kvart statsorgan treng å meistre begge dei to jamstilte norske språka, seier Hauge.

På den måten kan dei tilsette koma seg unna språkkunnskap ein i dag forventar at dei skal kunna.

– Eit statsorgan som til dømes Vegvesenet kan ende opp med å ikkje ha tilsette som er nynorskbrukarar, men i staden vere nøydd til å kjøpe den kompetansen, seier mållagsleiaren.

Hauge meiner språklova må gjennom ein språkvask for å hindre at ho kan bli tolka feil.

– Eg trur nok at Abid Raja vil, men at han ikkje heilt har fått det til.

Mikkel Eskil Mikkelsen

FLEIRE SAMISKE SPRÅK: Mikkelsen seier at ein i offentleg forvaltning oftast snakkar om tre ulike språk, men at ein gløymer Ume-, Skolte- og Pitesamisk. Omtala av dei samiske språka seier han er eit svakt ledd i den nye språklova.

Foto: Sametinget

Samisk blir likestilt med norsk

Den nye språklova likestiller dei samiske språka med norsk og gjev språket status som urfolksspråk.

Mikkel Eskil Mikkelsen, medlem i Sametinget, seier den nye språklova på mange måtar er ei stadfesting av det som allereie står i samelova.

– Vi veit at mange offentlege organ ikkje kjenner til sameslova, fordi dei anser det som ei særlov, seier Mikkelsen.

Han trur derfor den nye språklova kanskje blir meir anvendt hos offentlege organ enn det samelova før har vore. Ifølgje MIkkelsen har Sametinget vore i samtalar med regjeringa om den nye lova.

– Det er i all hovudsak ein prosess vi har vore nøgd med, og som understreker den posisjonen dei samiske språka har i samfunnet og som speglar røynda.

Direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk Kultursentrum og styreleiar Lodve Solholm studerer det nye lov-forslaget

STERKT SPRÅK: Direktør Per Magnus Sandsmark og styreleiar Lodve Solheim i Nynorsk kultursenter. I ei pressemelding påpeiker dei at nynorsk er det fjerde største mindretalsspråket i Europa, og eit sterkt skriftspråk i verda.

Foto: Sunniva Lund Osdal

– Historisk dag for språkmangfaldet

– Dette er ein historisk dag for språkmangfaldet, fastslår direktør Per Magnus F. Sandsmark i Nynorsk kultursentrum.

Sandsmark vektlegg at samtlege språk får sterkare vern enn dei har i dag.

– Det er eit fantastisk utgangspunkt. Samstundes er nynorsk i mindretal i Noreg, seier Sandsmark.

Han viser til at lova krev oppfølging, og i likskap med Mållaget vil han at det skal vere mogleg å sanksjonera mot brudd på språklova.