Hopp til innhold

Meiner NFF har teke parti før Qatar-utvalet har konkludert

Dei lokale krinsleiarane i fotballforbundet ber klubbane venta med å vurdera VM-boikott. – Dei er tydelegvis ikkje komfortable med at klubbane behandlar dette sjølv, seier supporterleiar.

Qatar

TØFFE ARBEIDSHØVE: The Guardian har avslørt ei rekke bort på menneskerettane i samband med førebuingane før Qatar-VM.

Foto: Magnus Aabech / NTB

Dei siste månadene har supporter-Noreg lagt press på Noregs Fotballforbund etter at det har vore hevda at førebuingane til Qatar-VM har kosta livet til 6.500 gjestearbeidarar.

I eit brev til klubbane denne veka oppmodar krinsleiarane i NFF klubbane om å venta med å vurdera boikott av fotball-VM. I staden anbefaler dei at Qatar-utvalet først legger fram sin rapport.

«Veit vi kva for sportslege og økonomiske konsekvensar ein boikott vil ha for norsk fotball?», er blant spørsmåla dei stiller.

VM i Qatar 2022.

MENNESKERETTSBROT: 6.500 gjestearbeidarar har døydd under førebuingane til fotball VM i Qatar i 2022. Her frå arbeid ved Khalifa stadion i Doha.

Foto: M Aabech

Ordlyden får krass kritikk frå Erlend Ytre-Arne Vågane, leiar i Brann Bataljonen.

– Eg oppfattar at brevet går veldig langt i å argumentera mot boikott, seier han.

På Bataljonen si heimeside skriv han at: «NFF Hordaland stiller fire svært leiande spørsmål til klubbane, kor tre av spørsmåla bidrar til å skape frykt for kva konsekvensar ein boikott kan ha for norsk fotball og idrett.»

Rapporten frå Qatar-utvalet er venta i midten av mai.

Dette er spørsmåla frå krinsleiarane:

I «eit motsvar» til NFF stiller Vågane desse spørsmåla:

– NFF prøver å skremme klubbene

I eit ekstraordinært forbundsting 20. juni skal klubbane stemma over om Noreg skal boikotta VM eller ikkje.

«NFF prøver å skremme klubbene», skriv Pål Hafstad Thorsen, dagleg leiar for Sædalen IL og tidlegare byråd for barnehage, skole og idrett i Bergen kommune.

Laster Twitter-innhold

Dei nordiske fotballforbunda skal neste veke i møte med Fifa om VM i Qatar.

– Vi har stilt nokre spørsmål til Fifa knytt til Qatar-VM. Vår forventning er at Fifa svarer på disse spørsmåla, seier fotballpresident Terje Svendsen til NTB.

Forutan Fifa skal det vere representantar frå Qatar til stades på møtet, samt fagforeiningar og menneskerettsorganisasjonar.

Klubbar i heile landet har fått brevet

Onsdag sende NFF Buskerud ut eit brev til klubbane i sitt distrikt. Ikkje ulikt brevet som gjekk ut i Hordaland.

Joakim Bjørklund er tidlegare leiar i GodsetUnionen.

– Så lenge anbefalingane er at klubbane skal venta med å fatta avgjerder, så må eg også forventa at krinsen står fram som ein nøytral part i saka, og ikkje oppmodar klubbane sine til å ta standpunkt. Det opplever eg at dei gjer i dette brevet, seier han.

Bjørklund seier han ikkje er overraska.

– Dei er tydelegvis ikkje komfortable med at klubbane behandlar dette sjølv.

Joakim Jarl Bjørklund, leder Godsetunionen

REAGERER: Joakim Jarl Bjørklund, tidlegare leiar for GodsetUnionen meiner NFF fryktar klubbdemokratiet.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

– Oppmodar ikkje til boikott

Knut Berge er dagleg leiar i NFF Hordaland. Han er ueinig i påstandane om at brevet har slagside.

– Brevet til klubbane argumenterer ikkje for eller mot boikott. Bodskapet er at klubbane blir anbefalte om å venta med å ta ei avgjerd om sitt standpunkt til det ligg føre eit best mogeleg avgjerdsgrunnlag, skriv han i ein e-post til NRK.

Kva er bakgrunnen for at brevet blei sendt ut?

– Stadig fleire klubbar har kommunisert at dei har tatt stilling til spørsmålet. Dette meiner me er forhasta med bakgrunn i NFF si demokratiske avgjerd om å setja ned eit utval som skal greia ut eit så forsvarleg og fullstendig avgjerdsgrunnlag som mogeleg, svarar han.

Krinsleiarane har vore kritiske til at Norsk supporterallianse (NSA) påverkar klubbane i valet. NSA sit sjølv i det uavhengige Qatar-utvalet.

– Det er vårt ansvar å informera klubbane om kva som er forsvarleg prosess i eit så viktig spørsmål, skriv Berge.

NRK tok kontakt med Noregs Fotballforbund (NFF) onsdag ettermiddag, men har førebels ikkje fått svar.