Hopp til innhold

Politikarar reagerer på innblanding

Fleire politikarar i Eid og i Ap lokalt skuldar fylkesordføraren i Møre og Romsdal for å prøve å grave til seg stamvegmidlar frå Sogn og Fjordane.

Harry Mowatt

SKEPTISK: Ap-veteran, Harry Mowatt, meiner Jon Aasen ikkje bør legge seg opp i vegdebatten i Sogn og Fjordane.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Det er usakleg og useriøst, og byggjer på manglande kunnskap. Det seier gruppeleiar for Senterpartiet i Eid, Sigurd Reksnes.

Reksnes meiner vidare at dette er eit opplegg for å bruke minst mogleg pengar gjennom Sogn og Fjordane, noko fylkesordføraren i Møre og Romsdal sjølvsagt omfamnar.

Reaksjonen kjem etter at fylkesordførar i Møre og Romsdal tidlegare i dag gjekk ut og støtta indre trasé for E39. Han meiner ferjefri veg frå Skei til Møre gjennom Stryn er det beste alternativet.

– Feil argument

Alfred Bjørlo

KRITISK: Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, er kritisk til Jon Aasen sitt utspel.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, er også kritisk til Aasen sitt utspel.

– Han har ikkje sett det vesentlege i saka, nemleg at alle alternativa som er greia ut gjev ferjefri E39 mellom Skei og Volda.

Bjørlo seier at Aasen argumenterer for det billegaste alternativet i Sogn og Fjordane, slik at det skal bli meir pengar til bygging av veg i Møre og Romsdal.

– Nærast tullprat

Jon Aasen sjølv meiner kritikken frå politisk hald i Eid fell på si eiga urimlegheit.

– For det første har ikkje staten sett noko ramme for kor mykje ein skal bruke. Det er heller ikkje slik at det som er til overs av pengar i eitt fylke skal brukast i eit anna.

– Eg vil vel ikkje kalle det tullprat, men det er vel det næraste vi kjem. Eid må sjå på kva som gagnar Nordfjord best, og då er det ikkje slik at Eid ikkje berre kan kikke på sin eigen navle, seier Jon Aasen.

Transportetappe

Også partifelle av Aasen, Harry Mowatt er krass i kritikken mot Aasen.

– Dersom Jon Aasen skal ta seg bryet med å gje oss råd om kva som er til vårt beste, så bør han i alle fall gje oss gode råd.

Mowatt meiner Anda-Lote er det klart beste alternativet for Sogn og Fjordane, fordi ytre Nordfjord då blir tettare knytt til resten av fylket og det vil gje ei sterkare regional utvikling.

– Aasen har nok ein annan agenda. Han ser det som positivt av Sogn og Fjordane blir ein transportetappe. Dei regionale omsyna i fylket bryr han seg ikkje om. Det han ser er at det indre alternativet er to milliardar rimelegare enn Anda-Lote, og at det då blir milliardar til overs som møringar og andre kan slåst om.

– Må gå for Anda-Lote

Mowatt meiner Aasen står fritt til å engasjere seg, men syns ikkje det tek seg godt ut.

– Eg trur ikkje han påverkar andre i Arbeiderpartiet her i fylket. Alle partia i fylket, utanom (Frp) bør halde fast på E39 via Anda-Lote om dei vil oppfylle vallovnadene sine. Det er nemleg ikkje kome fram noko vesentleg nytt i utgreiingane.

Den tidlegare fylkespolitikarane og ordføraren har også eit råd til Aasen.

– Han må roe seg ned og konsentrere seg om det som skjer i Møre og Romsdal. Det er mykje som tyder at han har meir enn nok med det.