Hopp til innhold

Meiner folk alt har fått sagt litt

Folk i Førde har allereie fått sagt noko om kva dei meiner om bompengar. Det meiner ordførar Olve Grotle (H) som viser til at bompengar var tema i valkampen.

Ordførar Olve Grotle i Førde

HAR FÅTT SEIE SITT: Høgre-ordførar Olve Grotle meiner innbyggjarane i Førde har fått seie litt om kva dei meiner om bompengar gjennom valet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Allereie om to år kan det dukke opp fem bomstasjonar i og rundt Førde. Frp likar det dårleg, og meiner fleirtalet av innbyggjarane i byen er motstandarar av bommane.

Høgre-ordførar Olve Grotle er av ei anna oppfatning.

– Eg har opplevd det slik at folk i Førde har ei brei og god forståing for at det er nødvendig med bompengar for å få til ein fornuftig og framtidsretta infrastruktur i byen vår, seier Grotle til NRK.no.

Krev folkerøysting

Ove H. Håkonsen som sit i bystyret for Førde Frp seier han ser eit veldig engasjement blant innbyggjarane. Dei aller fleste er negative til at bilistane skal ta ein stor del av rekninga når vegane i fylkets største by skal utbetrast, seier han.

Frp krev folkerøysting om temaet, og har samla nok underskrifter til at bystyret må ta stilling om ein skal ha ei slik folkerøysting eller ikkje.

– Eg håpar at politikarane tek dette innover seg, og at vi får gjennomført ei folkerøysting.

– Fornuftige politikarar vil ta dette til seg og ta ei riktig avgjerd.

– Har fått sagt litt

– Eg forstår det slik at det no er på det reine at det er nok underskrifter til at bystyret i Førde skal ta stilling til det spørsmålet. Viss det er tilfelle, så får bystyret ta stilling til spørsmålet om det skal vere folkerøysting eller ikkje, seier Grotle.

Håkonsen i Frp meiner det er svært viktig at folk får seie sitt i saka. Grotle på si side meiner innbyggjarane allereie har hatt eit ord med i laget.

– Det er også slik at på sett og vis har folk i Førde fått sagt litt om dette med bompengar. Vi har hatt eit val der bompengar var eit tema, og det er slik at det er fleirtal for bompengar både i det førre og i dagens bystyre, seier Grotle.

– Ikkje noko folkeopprør

– Vil du ha ei folkerøysting?

– Eg vil ikkje ta stilling til det no, utover det eg har sagt. At folk på sett og vis har fått sagt si meining, gjennom at det var eit tema i valkampen.

At Frp er av den oppfatninga at eit klart fleirtal er negative til bompengar er ikkje eit syn han deler.

– Bompengar er ei veldig viktig sak for Frp, og det har eg full respekt for.

– Men eg deler ikkje den oppfatninga av at det er eit slags folkeopprør mot bompengar i Førde. Tvert om, eg opplever det slik at folk har forståing for at det er nødvendig, seier ordføraren.