Hopp til innhold

Sjekk den forvandlinga - på 2,5 år skiftar bygda utsjånad

På berre 2,5 år får Lavik i Høyanger ei total ansiktsløfting.

Ny ferjekai i Lavik under byggjing

SJÅ VIDEO: Lavik ferjekai er under utbygging, og prosjektleiar Oddvin Hov i Statens vegvesen gav NRK ei omvising.

– Det er ei viktig utvikling for Lavik, seier Frode Akse, dagleg leiar ved Lavik Auto.

Med ein stadig aukande trafikk og eit behov for fleire ferjer i drift på sambandet Lavik-Oppedal melde det seg etter kvart eit behov for ein ny ferjekai med større oppstillingsområdet på Lavik-sida. Dette betyr store endringar for ei lita bygd.

Den nye ferjekaien vert bygd i betong og skal stå på pelar i sjøen. det blir ein dobbel pir på om lag 80 meter, noko som gjer det mogleg for to ferjer å ligge til kai samstundes.

Talet på oppstillingsplassar vil auke til 135, og den einaste daglegvarebutikken som no ligg på ferjekaien skal flyttast til litt lenger oppe i bygda.

Resultatet av arbeidet er eit realt ansiktsløft for heile bygda. Sjå biletet frå før, under og etter i billedgalleriet.

(Artikkelen held fram under billedgalleriet)

Arbeidet med den nye kaien og det tilhøyrande oppstillingsområdet starta våren 2013 og anlegget skal stå klart i september 2015.

Arbeidet går som planlagd

– Me er komne halvvegs med arbeidet seier Oddvin Hov, prosjektleiar i Statens vegvesen.

Hov fortel at det som står att i all hovudsak er ferdigstilling av landområdet, oppstillingsarealet, og ferjepiren, samt å byggje om gamle E39 som skal bli fylkesveg og utvida gangbrua som går over «griserompa».

Oddvin Hov

ETTER PLANEN: Arbeidet med ferjekaien går som planlagd fortel prosjektleiar i Statens vegvesen Oddvin Hov.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

– Tilkomstvegen, som tidlegare har gått gjennom Lavik sentrum, skal flyttast og nye E39 vil gå austover langs strandlinja, fortel prosjektleiaren medan han skodar utover det veldige anlegget.

Betre trafikkflyt

Prosjektleiaren er overtydd om at den nye ferjekaien vil bidra til ein betre flyt i trafikken på sambandet, som til visse tider er svært høg.

– Eg trur at me vil få ein mykje lettare inn og ut køyring, mindre kø på dei store utfartsdagane og eit meir oversiktleg trafikkbilete, seier Hov.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lavik

EI BYGD I ENDRING: Det veldige anlegget dominerer no i Lavik.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

Bilistane gler seg

Blant dei som gler seg til at det vert ein betre flyt i trafikken, er bilistane NRK snakka med i ferjekøen.

Heidi Elisabeth Hval

SER FRAM TIL NY FERJEKAI: Heidi Elisabeth Vahl som me møtte i ferjekøen ser fram til å kunne nytte seg av den nye ferjekaien.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

– Eg trur det blir veldig bra, seier Heidi Elisabeth Vahl entusiastisk.

Bjarte Høvik, som køyrer trailer, er ein av dei som opplever at kaien på noverande tidspunkt er for trong til å køyre ned, og han gler seg til å få meir plass til traileren sin.

– Det er ei glede! Det blir flott, jublar Høvik høgt oppe frå traileren.

Bjarte Høvik

GLER SEG TIL BETRE PLASS: Bjarte Høvik opplever den gamle ferjekaien for trong og ser fram til å få betre plass.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

Viktig utvikling for bygda

Frode Akse, dagleg leiar ved Lavik Auto, vonar at utbygginga er ei utvikling som vil få positive ringverknadar for bygda.

– Eg trur det har mykje å seie for bygda Lavik, i forhold til dei endringane me no går inn i, seier Akse.

– Det er mykje positivt som skjer, held Akse fram. Ikkje berre med ferjekaien, men og med byggjefeltet og den typen ting. Så håpar me jo at unge vil ynskje å flytte til og etablera seg i Lavik slik at det vert ein hyggeleg plass å vere, seier han og smiler.

I det store og det heile opplev Aske utbygginga som positiv for Lavik.

– Det er ei viktig utvikling for Lavik og det er ei viktig utvikling i forhold til E39, og Sogn og Fjordane om ein skal sjå litt stort på det.

Frode Aske

VIKTIG FOR BYGDA: Frode Aske er overtydd om at den nye ferjekaien får positive ringverknadar for heile bygda.

Foto: Guro Kvalnes / NRK