Hopp til innhold

– Vi må tore å ta debatten om problemstillingar som er sensitive

– I eit større samfunnsperspektiv kan både flyplassar og sjukehus måtte leggast ned for å få det mest fornuftige trasévalet av E39, seier Erik Lahnstein som er tidlegare statssekretær.

Erik Lahnstein

TRUR PÅ ENDRINGAR: Erik Lahnstein er Sp-politikar og tidlegare statssekretær. Han meiner at ein ikkje treng doble funksjonar om reisetida blir kortare.

Foto: Gunnar Sakshaug / NRK

I eit lesarinnlegg i Dagens Næringsliv skriv Erik Lahnstein at det midtre alternativet gjennom Gloppen og Eid vil vere den mest fornuftige traséen for E39 i Nordfjord. Lahnstein er Senterparti-politikar og tidlegare statssekretær i Samferdselsdepartementet og ved Statsministeren sitt kontor.

Han meiner ein må våge å ta debatten om eit slik traseval bør føre til nedlegging av flyplassar og endringar i sjukehusstrukturen

– Det er eit paradoks at vi som politikarar ikkje torer ta opp ein del problemstillingar fordi det er for sensitivt. Allereie i utgangspunktet er dei samfunnsmessige effektane ved å velje midtre alternativt veldig store. Ein får integrert bu- og arbeidsmarknadsregion og det er mange fleire som vil få eit betre tilbod om det litt dyrare, men mykje betre midtre alternativ, blir valt, seier han til NRK.no.

Treng ikkje doble funksjonar

Då Lahnstein var statssekretær, var han med på å få på plass Hålogalandsbrua i Nordland. Her gjekk Narvik kommune med på å leggje ned flyplassen mot at den viktige brua blei bygd.

– Det at dei gjekk med på dette, gjorde at brua truleg kom 20 år tidlegare enn rekna med, seier han.

Sp-politikaren meiner det er naturleg å sjå på strukturendingar, som til dømes å gjere noko med dei to flyplassane i Gloppen og Ørsta/ Volda og sjukehusa i Eid og Volda.

– Når reisetida blir redusert til ein halv time, er det grunnlag for å sjå på om ein skal ha doble funksjonar med to flyplassar og to sjukehus, seier han.

Lahnstein er oppteken av at ikkje må tenkje at ein ofrar noko, men at ein i staden sikrar innbyggjarane eit mykje betre samla tilbod om samfunnet tek seg råd til å velje dyrare alternativ.

– Vi kan dekkje inn nokre av kostnadane ved å gjere strukturendringar, seier han.

Oppteken av heilskapen

Arvid Andenæs
Foto: Pressebilete

Banksjef Arvid Andenæs i Sparebanken Sogn og Fjordane tykkjer kronikken løftar fram viktige problemstillingar.

– Det er viktig å få fram at dette ikkje er ein diskusjon om traseval, men om politisk prinsipp for drøfting av infrastrukturtiltak. Det eg har kritisert tidlegare, er at ein ikkje har sett heilskapen frå starten av, seier han.

At lokale politikarar kjempar for sine saker, forstår han godt. Men etter kvart som dei lokale debattane går vidare og vi kjempar for sine saker, seier han vi må finne regionale løysingar.

– Då blir debatten løfta opp eit nivå. Vi må få inn fylkespolitikarar og regionale politikarar som må sjå heilskapen utover dei lokale fordelane og ulempene. Det er den diskusjonen Lahnstein no grip fatt i. Det må takast nokre strukturelle grep i forhold til å få det beste alternativet på lang sikt

– Er det for mange som bestemmer kvar ting skal vere?

– Nei, lokaldemokratiet må fungere. Det er det som fungerer når Anders Ryssdal kjempar for flyplassen i Gloppen og Alfred Bjørlo for sjukehuset i Eid. Denne debatten handlar ikkje om å leggje ned Anda eller sjukehuset, men om dei langsiktige vinningane av eit rett traseval og der har Lahnstein mange poeng.

– Dei må våge å løfte problemstillinga

Erik Lahnstein seier han trur lokale politikarar tykkjer dette ein vanskeleg debatt.

– Men ser vi på korleis det har gått andre stader, som til dømes i Narvik der dei sa ja til å leggje ned ein flyplass i bytte mot ei viktig bru, seier han.

– Trur du lokalpolitikar tør å ta ballen og seie dei er villige til å ofre noko?

– Det er eg ikkje sikker på. Men eg håper at nasjonale politikarar viser klokskap og sørgjer for å velje den løsyinga som heilt klart gir størst regional utviklingseffekt.

Også banksjef Arvid Andenæs håper lokalpolitikarane vil vere taktisk smarte.

– Alfred Bjørlo, Andres Ryssdal og andre som ønskjer midtre trasé, må våge å løfte desse problemstillingane inn i ein viktig avslutningsfase, seier Andenæs.

– Viktig med fugleperspektiv

Alfred Bjørlo

LIKAR TANKANE: Venstre-ordførar Alfred Bjørlo i Eid likar at nokon ser debatten i fugleperspektiv.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK
Anders Ryssdal

VIL BEHALDE FLYPLASSEN: Gloppen-ordførar Anders Ryssdal seier tankane til Erik Lahnstein ikkje er nye.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK
Svein Sunde

GÅR FOR INDRE: Svein Sunde i Gode vegar meiner Lahnstein berre har fått informasjon frå ei side.

Foto: Trond Vestre / NRK

Venstre-ordførar Alfred Bjørlo i Eid seier det er sunt at nokon kan sjå E39-debatten i fylket utanfor.

– Eg trur det er sunt at nokre som ser oss i eit fugleperspektiv, og samstundes held på med politikk på nasjonalt nivå, seier Bjørlo.

Ordførar i Gloppen, Anders Ryssdal (Sp), seier tankane til Erik Lahnstein ikkje er nye. Han meiner at ettersom tida går, vil forholda forandre seg.

– Flyplass er utruleg viktig for regionen med 40.000 brukarar. Eg meiner det må takast ei heilskapsvurdering. Eg trur samfunnsutviklinga fram til ei bru står der, kanskje vil gi endringar på strukturen, seier han.

Sunde usamd med Lahnstein

Ein som ikkje er samd med Lahnstein, er Svein Sunde som er dagleg leiar i Gode Vegar A/S og som jobbar for de indre alternativet via Stryn.

– Det går tydeleg fram at Lahnstein er mata med informasjon frå berre ei side. Han snakkar ikkje om samfunnsnytte per budsjettkrone. Ser ein på det, viser berekningane at det er det indre alternativet som er best på samfunnsnytte både når ein ser på 60 og 75 år, seier Sunde.