Medisinstudent oppdaga alvorleg funn som avslørte feil i kreftstudie på Haukeland

Ti pasientar med endetarmskreft blei verre då dei deltok i forskingsprosjektet. Deltakinga kan ha ført til at dei blei sjukare.

Haukeland sykehus sentralblokka og den gamle barneklinikken

SJUKEHUS: Haukeland universitetssjukehus var et av sju sjukehus som utførte studien.

Foto: Helse Bergen

NRK rettar: I første versjon av saka sto det at studenten oppdaga feilen i kreftstudiet. Det riktige er at studenten oppdaga tal som viste at fleire hadde fått tilbakefall. Dette funnet gjorde seinare at den alvorlege feilen i prosjektet blei oppdaga.

Eit større nasjonalt forskingsprosjekt på pasientar med endetarmskreft på Haukeland universitetssjukehus vart stoppa i november 2020.

Det skjedde etter at fleire pasientar i studien i Bergen enn venta fekk tilbakefall lokalt i tarmen og spreiing til andre organ.

Ein medisinstudent ved Universitet i Bergen fekk i oppgåve frå forskarar å systematisere korleis det hadde gått med pasientane i Bergen i studien.

Tala viste seg å vere oppsiktsvekkande, og blei rapportert inn til den sentrale leiinga av studien, ifølgje klinikkdirektør på kirurgisk avdeling, John-Helge Heimdal.

– Det blei veldig tydeleg da vi fekk dette systematisk gjort i ein slik studentoppgåve, seier Heimdal.

Studenten som skreiv rapporten ynskjer ikkje å kommentere saka.

Det var Aftenposten som først omtala saka.

– Avgjerande å få alle korta på bordet

Assisterande generalsekretær i Kreftforeininga, Ole Aleksander Opdalshei, reagerer sterkt på forskingsglippen til Haukeland universitetssjukehus.

I november 2020 blei studien stoppa etter at ti pasientar med endetarmskreft fekk spreiing til andre organ.

14 pasientar som blei inkludert i studien, fekk ikkje grundige nok undersøkingar på grunn av sviktande utstyr på sjukehuset.

– Dette er altfor dårleg. Det er viktig med høg tillit til forskinga, og ein skal vera sikker på at dette ikkje skjer. Det er ganske alvorleg om ein ikkje har følgt forskingsprotokollen, seier Opdalshei.

Ole Aleksander Opdalshei

SKUFFA: Assisterande generalsekretær i Kreftforeininga, Ole Aleksander Opdalshei, meiner situasjonen er svært alvorleg.

Foto: Andreas Trygstad / NRK

Gransking av kva som har skjedd held på i Fagrådet Norsk Gastrointestinal Cancer Gruppe (NGICG-CR) under et møte i dag.

Det var dei som vedtok stans av studien.

Opdalsheim meiner det no er viktig at alle korta kjem på bordet:

– Me er opptatt av klinisk forsking, fordi det bringar kunnskapen framover. Det er strengt regelverk knytt til deltaking. Derfor er det heilt avgjerande no å få alle korta på bordet for å klargjere om forskingsprotokollen er følgt, seier han.

Han ber om ein opprydding, og råder ramma pasientar om å ta kontakt med Kreftforeininga for rettshjelp.

– Ved å ta kontakt med Kreftforeininga sin rettshjelp kan me hjelpa til i saker der det er snakk om erstatningssøksmål, seier han.

Hadde ikkje godt nok utstyr

Klinikkdirektør på kirurgisk klinikk ved Haukeland, John-Helge Heimdal, seier at dei beklagar på det sterkaste ovanfor pasientane, og at situasjonen burde vore handtert betre.

Han nemner to ting som sjukehuset får sterkt kritikk for.

– Det eine er at me ikkje har utstyret som trengst for å ta gode nok bilete. Det andre er at me har inkludert forholdsmessig fleire pasientar i studien enn dei andre sjukehusa.

leder ved kirurgisk klinikk John-Helge Heimdal ved Haukeland universitetssykehus.

BEKLAGAR: Klinikkdirektør på kirurgisk klinikk ved Haukeland universitetssjukehus, John-Helge Heimdal.

Foto: Katrine Sunde / Katrine Sunde

Klinikkdirektøren seier at det naturlege ville vore å trekke seg då dei fann ut at dei ikkje hadde utstyret som var nødvendig for å gjennomføre studien.

– Kvifor hadde ikkje Haukeland dette utstyret på plass?

– Me har søkt, men det har ikkje blitt skaffa. Det ligg på prioriteringslista for innkjøp av utstyr. Det er likevel ingen unnskyldning for at ein held fram med studien, seier han.

Fagråd for Norsk Gastrointestinal Cancer Gruppe (NGICG-CR) har hatt møter i heile dag for å granske saka, og har ikkje hatt høve til å kommentere.

– Studenten bør få diplom og fast jobb

Hendinga har skapt reaksjonar. Ein av dei kjem frå pasientombod Jannicke Bruvik.

– Dette er tragisk for pasientane og familiane deira, seier Bruvik.

Ho meiner at sjukehuset aldri burde vore med på forskingsprosjektet, når dei ikkje hadde utstyret som var nødvendig.

Jannicke Bruvik

REAGERER: Pasientombod Jannicke Bruvik meiner dette kan få store konsekvensar for forskinga på Haukeland.

Foto: Andrea Krüger / NRK

– Kva tenker du om at dette vart oppdaga av ein student?

– Først og fremst at vedkommande bør få diplom og fast jobb, men det gjer det endå meir alvorleg at det verkar som dette vart oppdaga tilfeldig, slår Bruvik fast.

I tillegg fryktar Bruvik at dette kan få alvorlege konsekvensar for andre forskingsprosjekt der ein treng frivillige pasientar.

– Ein kan bli skremt frå å delta, og det er veldig viktig informasjon ein får frå slik prosjekt, så det må vera trygt, seier Bruvik.