Hopp til innhold

Snuoperasjonen på Kvist vert kalla ein dødsdom for geitene

Mattilsynet vil likevel la geiteflokken på Kvist få leve. Kritikarar meiner snuoperasjonen berre gjer vondt verre.

Geit

GÅR FRITT: I fleire tiår har mellom 50 og 100 villgeiter gått fritt utandørs mellom Høyanger og Balestrand i Sogn.

Foto: Odd Arild Løseth

Det skapte store protestar då Mattilsynet i vår vedtok å skyte ned geitestammen på Kvist av omsyn til dyrevelferda.

«Mattilsynet ser ingen andre løysingar» skreiv tilsynet i ein rapport.

No har dei konkludert med at geitene kan få leve likevel. På vilkår.

– Me har endra det opphavlege vedtaket, slik at det opnar for at eigar kan selje eller gje bort geitene, så lenge ein ny eigar kan ta vare på dyra, seier Solveig Bjørnerud Khan i Mattilsynet.

Leiar i Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane, Beate Green, kritiserer snuoperasjonen.

– Denne løysinga verkar ikkje så gjennomtenkt, seier ho.

Om det einaste alternativet er å fange geitene, er det betre å avlive dei, seier ho.

– Å fange og «temme» dei er ikkje god dyrevelferd. Ein må ha eit realistisk syn og tenke på dyra. Dei kan ikkje leve for ein kvar pris.

Ho meiner den beste løysinga ville vore å la geitene leve slik dei alltid har gjort.

No har dei vore utan innblanding av menneske i mange år, og klarar seg ganske fint, så det trur eg hadde gått heilt fint. Det er flotte, sterke geiter.

Les også Staten vil skyte villgeitene i Sogn

Geit

– Det realistiske er at geitene vert utsletta

– I mine auge er ikkje dette noko store endringar frå tidlegare vedtak. Føresetnadane for å kunne gje dei vekk eller selje dei tvilar eg på at er realistiske, seier Hans Johan Breidablikk, som har engasjert seg for geiteflokken.

Han samanliknar grepet med å ta ein villreinflokk, merkje dei og prøve å gi dei til ein gard som vil ta ansvar for dei. Han forklarar at geitene er verken ville eller tamme.

– Prosessen med å fange dei inn vil vere veldig omfattande. Geitene lever i eit stort og krevjande område. Ein må kanskje gjere som ein gjer med ulv, skyte dei med pil frå helikopter. Det vil verte ein stor og omfattande aksjon, for det er mange dyr.

Meiner du dødsdommen står for lag?

– Ja, eg kan ikkje lese det som noko anna enn at det realistiske er at geitene vert utsletta, seier han.

Les også Dei dødsdømde «villgeitene» frå Sogn blir sak i Stortinget

Villgeiter på Kvist

Ordførar i Høyanger, Petter Sortland, er positiv til vedtaket som har kome, og synest det er bra at Mattilsynet har høyrt på folket.

– Eg trur og forventar at dei som har vore engasjerte i saka, no vil ta ansvar for kva som vil skje med geitene, seier han.

Geit

Geitene i Sogn har skapt stort engasjement. – Mest truleg vil desse aldri bli tamme, etter å ha levd slik i mange år, seier leiar i Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane, Beate Green.

Foto: ODD ARILD LØSETH