Hopp til innhold

Politimelder ulovleg transport

Statens vegvesen har politimeldt eit dansk transportfirma for ulovleg transport i Norge. Det var kontrollørane i Lærdal som avslørte selskapet.

Håbakken kontrollstasjon i Lærdal

VART STOPPA: Her på Statens vegvesen sin kontrollstasjon på Håbakken ved E16 i Lærdal vart den danskregistrerte bilen stogga.

Foto: May Lene Steinheim Lunden

- Det er ikkje veldig ofte vi politimelder selskap på denne måten. Hovudårsaka er at det er svært vanskeleg å avdekke denne typen lovbrot, seier avdelingsingeniør Dag Rykkje i Statens vegvesen, region Vest, til NRK.no.

Vanskeleg å avsløre brot på reglane

Det finst strenge reglar for korleis utanlandske transportfirma kan drive transport innalands i Norge.

Men reglane er svært vanskeleg å kontrollere, og sjølv om vegvesenet veit at reglane vert brotne er det vanskeleg å skaffe bevis.

Eit utanlandsk vogntog som køyrer inn i Norge med internasjonal transport, kan etter dette køyre maksimalt tre turar i løpet av ei veke innanfor Norges grenser. Så må bilen ut av landet.

Dei såkalla kabotasjereglane set også krav til at transporten skal vere tilfeldig, og ikkje planlagt.

Dansk firma avslørt i Lærdal

Dag Rykkje

ALVORLEG: Dag Rykkje i Statens vegvesen, region Vest, seier dei ser alvorleg på slike saker.

Foto: Tom Nicolai Kolstad / NRK

Onsdag denne veka oppdaga kontrollørane på Håbakken ved E16 eit vogntog frå det danske selskapet, Kim Johansen, som dei meiner klart har brote desse reglane, skriv tungt.no.

Statens vegvesen meiner å ha gode bevis for at den danske semitraileren har køyrd fast mellom Gardermoen og Bergen i fleire veker. Då vogntoget vart stogga i Lærdal var det på sin sjette tur på få dagar.

Det danske firmaet er no politimeldt av vegvesenet.

- Vi må ha veldig gode bevis når vi skal politimelde slike forhold. Og i denne saka meiner vi at bevisa er solide, seier Rykkje til NRK.

- Dette er alvorleg

Han fortel at det same firmaet var politimeldt for liknande forhold i fjor, men veit ikkje korleis den saka har blitt handsama.

Den norske transportnæringa har lenge hevda at det er mange utanlandske firma som køyrer ulovleg i Norge, og fryktar at dette på lang sikt kan føre til kroken på døra for mange norske selskap.

Dette fordi dei ikkje klarar å konkurrere prismessig med utanlandske selskap.

Rykkje seier brot på kabotasjereglane er alvorleg.

- I forhold til konkurransen mellom norske og utanlandske transportørar er slike lovbrot alvorlege. Det handlar om like konkurransevilkår, seier Rykkje.

Kim Johansen har ikkje ville kommentere saka til tungt.no.