Hopp til innhold

Maryam vann fram i retten – får bli i Norge

– Eg er veldig, veldig glad, seier iranske Maryam Bandari. Etter eitt år i kyrkjeasyl, har Oslo tingrett bestemt at ho og sønene får bli i Norge.

Maryam Bandari og Berit Anne Kleppenes

GLADE: Maryam Bandari får bli i Norge, noko som gler både og støttespelar Berit Kleppenes stort.

Foto: Turid Astrid Reksten / NRK

I fjor fekk ho og sønene avslag på søknaden om opphaldsløyve, og sidan då har dei sete i kyrkjeasyl hjå pinsekyrkja Sion i Gloppen.

Trussamfunnet stemna den norske staten på vegner av Bandari med krav om at Utlendingsnemnda sitt vedtak vart oppheva. Like før påska var ho og nokre av støttespelarane i Oslo tingrett. Og no er altså avgjerda komen, Bandari og gutane får bli.

– Eg har ei god kjensle. Gutane er også veldig glade. Gud svarte på bønene våre, seier ho letta.

Berit Kleppenes som er ei av støttespelarane og som vitna i retten, er også glad for avgjerda.

– Vi har fått medhald i retten, og det har vore gledestårer i dag. Men det er ein ankefrist, så vi kan ikkje feire sigeren enno, men vi håper sjølvsagt at UNE ikkje ankar.

Frykta straff

Maryam Bandari konverterte til kristendom i 2013 medan familien budde i Dubai. Ho har vore redd ho som kristen konvertitt vil bli straffa eller forfølgt viss ho må reise tilbake til heimlandet Iran.

Tidlegare har UNE uttalt at kvinna ikkje er i fare og i avslaget på søknaden skreiv dei mellom anna:

«Basert på klagarane si forklaring, meiner UNE at ei tilbakevending til Bandar Abbas i Iran ikkje inneber ein risiko for forfølging eller andre alvorlege overgrep».

Håper ho kan bevege seg fritt

I den ferske avgjerda frå Oslo tingrett står det mellom anna at: «Rettens konklusjon er etter dette at Bandari ved retur til Iran vil stå i reell fare for forfølgelse som beskrevet i utlendingsloven $ 28 første ledd bokstav a, jf. $ 29 og $ 30.» I dommen står det også at UNE må betale sakskostnadene hennar på om lag 310.000 kroner.

John Valør som er ein av dei som har hjelpt Bandari, er glad for at tingretten kom fram til at vedtaket var ugyldig.

– Vi er veldig nøgde og håper at saka ikkje blir anka. No skal advokaten be om at ho kan bevege seg fritt til dommen er rettskraftig eller at han blir anka.

UNE hade ikkje høve til å kommentere tysdag kveld, men onsdag svarar seksjonssjef i Utlendingsnemnda, Iselin Ryeng-Lande følgjande:

– UNE har motteke dommen, og registrerer at tingretten har kome til at vedtaket vårt er ugyldig. Vi skal no lese gjennom dommen og ta stilling til om vi ankar eller ikkje. Det er difor for tidleg å seie om familien får bli i Norge.