Hopp til innhold

Har sete i kyrkjeasyl i eitt år – i dag møter dei UNE i retten

Iranske Maryam Qodsi Nezhad Bandari og dei to sønene har vore i kyrkjeasyl på Sandane sidan april i fjor. I dag startar rettssaka som avgjer om dei får bli.

Maryam Bandari og Berit Anne Kleppenes

KAN IKKJE GÅ UT: Maryam Bandari må halde seg inne i pinsekyrkja på Sandane der ho og sønene lever i kyrkjeasyl.

Foto: Turid Astrid Reksten / NRK

– Eg er spent på kva framtida vår bringar. Alt eg ønskjer meg er eit normalt liv, seier Maryam Bandari.

I fjor fekk ho og sønene avslag på søknaden om opphaldsløyve, og sidan då har dei sete i kyrkjeasyl hjå pinsekyrkja Sion i Gloppen. Trussamfunnet har stemna den norske staten på vegner av Bandari og krev at Utlendingsnemnda (UNE) sitt vedtak vert oppheva. I dag startar rettssaka.

– Det har vi gjort fordi vi meiner avgjerda er tatt på feil grunnlag, seier Berit Anne Kleppenes frå kyrkjelyden. Ho skal vitne i retten på tysdag.

– Eg skal fortelje om korleis eg opplever Maryam som ein kristen.

Fryktar for livet

Bandari konverterte til kristendom i 2013 medan familien budde i Dubai. Ho er redd ho som kristen konvertitt vil bli straffa eller forfølgt viss ho må reise tilbake til heimlandet Iran.

– Eg veit ikkje kva som vil skje viss vi blir sendt til Iran. Folk som konverterer frå islam til andre religionar risikerer fengsling eller dødsstraff, seier Bandari.

UNE meiner derimot at Bandari ikkje er i fare. I avslaget skriv dei mellom anna:

«Basert på klagarane si forklaring, meiner UNE at ei tilbakevending til Bandar Abbas i Iran ikkje inneber ein risiko for forfølging eller andre alvorlege overgrep».

NRK har vore i kontakt med UNE, som stadfestar at dei er saksøkt, men dei ønskjer ikkje å kommentere saka i og med at ho skal opp i retten.

Maryam Bandari og Berit Anne Kleppenes

STØTTESPELAR: Berit Anne Kleppenes (t.h.) skal vitne i rettssaka til Maryam Bandari (t.v.) på tysdag. – Båe familien hennar og iranske styresmakter veit at ho har konvertert, og ho kan kome til å få fengsel eller dødsstraff viss ho vert sendt dit, seier ho.

Foto: Turid Astrid Reksten / NRK

Vil verne om kyrkjeasylet

– Eg synest det er forferdeleg at dei vil sende ho til Iran no, seier Kleppenes om vedtaket frå UNE.

Etter at ein afghansk familie vart henta ut frå kyrkjeasyl i Fitjar med makt, har Kleppenes frykta at det same kan skje i Gloppen. Ho meiner det er viktig å verne om ordninga med kyrkjeasyl.

– Det var heilt horribelt å høyre om. Kyrkjeasyl er ei ordning som har fungert i uminnelege

Maryam Bandari lagar mat på kjøkenet i pinsekyrkja Sion på Sandane.

EINSFORMIGE DAGAR: Dagane går med til matlaging, vasking og bibellesing, seier Bandari. – Eg er veldig sliten, men eg har ikkje noko val.

Foto: Turid Astrid Reksten / NRK

tider, og kyrkja er ein heilag stad der det ikkje er lov å bruke våpen eller vald. Viss politiet går inn og hentar folk i kyrkjeasyl er det det same som å bruke vald, seier Kleppenes.

– Det er veldig skremmande for oss, sidan vi er i same situasjon. Då det skjedde vart eg heilt knust, og eg var redd dei skulle knuse døra her òg, seier Maryam Bandari om hendinga i Fitjar.

Vil gå til høgsterett

Bandari fortel om eit vanskeleg år med fysiske og psykiske helseplager der ho ikkje har kunna forlate pinsekyrkja.

– Det er som eit fengsel, men eg har ikkje noko val. No er eg glad eg endeleg får svar på kva som skjer med oss, seier ho.

– Viss vi ikkje vinn må Maryam kome tilbake til kyrkjeasyl her, og då ankar vi til Høgsterett, seier Kleppenes.