Hopp til innhold

Markant auke i drukningsulykker frå land

Over halvparten av dødsulykkene knytt til fritidsbåtar, skjer frå land. – Tanken på at noko kan gå gale går som oftast i gløymeboka, seier brannmann.

Frå årleg utsjekk av frivillig mannskap i Redningsselskapet på Stord.

FLEIRE ULYKKER: Redningsskøytene rykkjer ofte ut når det har gått gale til sjøs.

Foto: Redningsselskapet

I 2022 døydde 34 personar i ulykker med fritidsfartøy. Dette er åtte fleire enn året før, syner tal frå Sjøfartsdirektoratet.

18 av dei omkomne i desse båtulykkene døydde etter å ha falle i sjøen frå land.

I desse dødsulykkene er ikkje båten direkte involvert i ulukka, som gjerne skjer når ein person beveger seg mellom land og båt.

Sjøfartsdirektoratet omtalar slike ulykker som «fall-til-sjø-ulykke».

– Vi såg ein markant auke i slike ulykker i fjor frå tidlegare år, seier Siv Haugvaldstad Bygnes, kommunikasjonsrådgivar Fritidsfartøy i Sjøfartsdirektoratet.

Tala for i år er ikkje noko lystigare lesnad.

Fire av seks involverte personar kom til skade i båtulukka ved Asker i helga.

Frå ei båtulykke i Asker i juni. Fire av seks personar som falt i sjøen kom til skade.

Foto: Redningsselskapet

Forverring første halvår

Elleve personar har døydd i fritidsbåtulykker i 2023. Drukningsulykker etter fall frå land står for sju av desse. Andelen slike dødsfall held altså fram med å auke.

Det kjem fram i ei melding frå Sjøfartsdirektoratet.

Mange av dei omkomne er menn over 60 år.

– Det er urovekkande at over halvparten har omkomme ved å falle i sjøen mellom båten og brygga der båten var fortøydd. Vi oppmodar alle til å sjekke at sikkerheita er varetatt i hamneanlegg og ved brygger, seier sjøfartsdirektør Knut Arild Hareide.

Knut Arild Hareide - portrett

Sjøfartsdirektør Knut Arild Hareide seier talla er urovekkande.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen

Vaksne menn toppar statistikken

Ti av dei 11 som har mista livet hittil i år, var menn. Dette er ein gjentakande trend år etter år.

Sidan Sjøfartsdirektoratet begynte å registrere ulykker i 2001, har 633 menn mista livet, mens berre 43 kvinner har mista livet i same periode.

Gjennomsnittsalderen blant dei omkomne første halvår i år var omtrent 54 år.

– Det er ein klar overvekt av menn som bruker fritidsfartøy, noko som kan ha samanheng med det høge antalet menn som har omkomme. Alle må tenke sikkerheit på sjøen, seier Hareide.

Les også Mange drukningsulykker: – Det står om sekunder nå

Menn over 60 mest utsett

Fem år tilbake i tid utgjorde denne type dødsulykker ei handfull.

10 av 18 omkomne i fjor døydde når båten var fortøydd til kai.

– Kvifor er det ein auke i akkurat denne type dødsulykker?

– Det er vanskeleg å vite, men vi ser at det er fleire ute på sjøen no enn før pandemien. Det kan også vere at folk ikkje er klar over at dei må tenke tryggleik når dei er ved kai og hamn, seier Haugvaldstad Bygnes.

Gir gamle haldningar skulda

Knut Arild Larsen (62) frå Tromsø er ute i båt nærast kvar dag gjennom jobben sin.

Han trur årsaka til at godt vaksne menn er overrepresenterte kan ligge ifrå gamalt av.

Sjølv miste Larsen far sin på sjøen. Han blei berre 40 år.

Knut Arild Larsen

Knut Arild Larsen jobbar i selskapet Arctic Cruise in Norway i Tromsø. Nær kvar dag er han ute i båt, og der passar han godt på tryggleiken.

Foto: Erik Waagbø / NRK

Mykje har skjedd sidan den gong med tryggleiken på sjøen. I dag har ein radarsystem og AIS-system.

– Generasjonen som veks opp er mykje meir intakt på nye ting, medan eg som er gammal, og kjem frå den gamle generasjonen, har innarbeidd gamle haldningar. Redningsvestar var ikkje et tema, seier han.

Han oppmodar folk som ferdast på sjøen til å halde båtane mest mogeleg à jour i forhold til tryggleiksreglar.

Legg ein plan for kva som kan gå gale

Gjennom ein kampanje prøver Sjøfartsdirektoratet, Kystverket og Redningsselskapet å få folk til å ta meir ansvar for eigen og andre sin tryggleik.

Av dei 34 som omkom i fjor, hadde berre 11 flyteutstyr på seg. Over halvparten var ruspåverka.

Haugvaldstad Bygnes i Sjøfartsdirektoratet oppmodar folk om å gi beskjed når dei skal heim til båten etter festlege lag, eller å gå saman med ein venn.

Ein del ulykker kan nemleg skje på denne måten, fortel ho.

– Kanskje ein skal tisse over kanten, kanskje dei er åleine, og redningsvesten er ikkje på.

– Bruk redningsvest

Når det går gale, er Tromsø brann og redning blant dei som rykkjer ut. Brigadeleiar og brannmann Håvard Malmedal har klare rådt til folk som ferdast på sjøen:

Bruk redningsvest og ver førebudd på situasjonar som kan oppstå, seier han.

Tromsø Brann og redningsmannskap

Tromsø sine brann- og redningsmannskap øver på kva dei skal gjere når ulykka til sjøs er ute.

Foto: Erik Waagbø / NRK

At noko kan gå gale, er noko folk flest ser ut til å gløyme, meiner brannmannen og ber folk tenke gjennom kva som kan gå gale:

– Kan du snuble og dette i vatnet utan å kome deg på land? Har du sjekka botnforholda før du stuper, og har du på redningsvest?

– Fleire kunne overlevd

Trass i at Sjøfartsdirektoratet oppmodar alle som ferdast på sjøen til å bruke flyteutstyr ser dei at dei fleste som omkommer vel dette vekk.

I løpet av første halvår nytta berre ein person flyteutstyr da vedkommande mista livet. Heile åtte personar brukte ikkje flyteutstyr då dei mista livet.

– Fleire kunne sannsynlegvis ha overlevd dersom dei hadde brukt vest, seier Hareide.

Over 4000 oppdrag for redningsselskapet

I fjor hadde Redningsselskapet sine 53 redningsskøyter over 4400 oppdrag frå mai til september.

Simen Seljeseth og mannskapet om bord på redningsskøyta Bergen Kreds helsar kampanjen for å få ned dødstala velkomen.

– Det er veldig bra om det blir meir fokus på dette. Det kan gjere folk meir bevisste, seier Seljeseth.

Redningsskøyta Bergen Kreds

Redningsskøyta Bergen Kreds rykkjer ut på mange oppdrag kvart år. Simen Seljeseth og mannskapet om bord oppmodar folk om å legge ein god plan før dei reise ut på tur, følge med på vêret og vite korleis båten fungerer.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Alt frå grunnstøyttingar, tauverk i propellen og båtar med havari går att.

Alkoholbruk går att i nokre av hendingane, men ifølge Seljeseth held dei fleste seg edrue.

Han synest folk stort sett er flinke til å bruke flytevest. Her leiar særleg ungdommane an.

– Folk blir flinkare og flinkare, meiner han.

Les også Siv Jensen hardt ut mot regjeringen

Bading ved Operastranda i Oslo