Hopp til innhold

Manusforfattar Kjersti var sjølv elev på «Lovleg»-skulen

SANDANE (NRK): Kjersti Wøien Håland er kvinna bak NRK sin nye ungdomsserie «Lovleg». I tre år var ho sjølv elev ved skulen der Gunnhild og dei andre rollefigurane lever livet.

Gunhild frå "Lovleg" og Kjersti Wøien Håland

GUNNHILD: Kristine Ryssdalsnes Horvli (t.v.) spelar hovudrolla Gunnhild, som går første året på Firda vidaregåande skule på Sandane. Manusforfattar Kjersti Wøien Håland (t.h) var sjølv hybelbuar på Sandane.

Foto: NRK

– Serien er ikkje sjølvbiografisk, men den er openbert inspirert frå at eg gjekk der, fortel manusforfattar Kjersti Wøien Håland.

Det har lenge vore stille i kulissane. Verken skodespelarar eller serieskaparane har gitt intervju, men no lettar manusforfattaren sjølv på sløret.

I serien flyttar hovudkarakteren Gunnhild frå Høyanger til Sandane for å gå på skule. Akkurat slik Håland sjølv gjorde.

– Dei tre åra eg gjekk på Firda var veldig viktige for korleis livet mitt har blitt i ettertid. På eit livsmessig plan, er det truleg den lengste reisa eg har hatt, seier ho.

Den første, skumle dagen

Firda vidaregåande skule

FIRDA: Både Sandane og den vidaregåande skulen har lange tradisjonar for å ta imot hybelbuarar. Eit slikt univers tykte manusforfattar Håland var spennande å dykke inn i. – Det er like universelt det som skjer på ein liten stad, som ein større stad, seier ho.

Foto: Silje Guddal / NRK

Serien «Lovleg» byr på einsemd, nye vennskap, forelsking og angst. Litt slik hybellivet på Sandane faktisk kan vere ein haustdag.

– Eg kom heilt åleine utan å kjenne nokon. Når ein ikkje har nokon å vere hundre prosent seg sjølv i lag med, då vert ein veldig fortvila, seier Eline Helte Alsaker og hugsar godt første skuledag.

Som manusforfattaren håpar på, dei fire elevane NRK møter kjenner seg att i kjenslene, og hybellivet, til Gunnhild.

– Det er utruleg annleis enn å bu heime. Veldig spennande, veldig nytt. Det vart mange telefonar heimatt, vedgår Mathilde Grøttebø frå Lærdal.

Hybelbuarar og elevar ved Firda vidaregåande skule

HEIAR PÅ GUNNHILD: Mathilde Grøttebø, Marius Arntsen, Hanne Mjåtveit og Eline Hetle Alsaker gjer akkurat som karakterane i «Lovleg»; bur på hybel på Sandane.

Foto: Silje Guddal / NRK

Angst og venskap

Med utgangspunkt på Sandane tek serien opp andre tema enn det Skam gjorde. I eine episoden har Gunnhild det som kan sjå ut som eit angstanfall.

– Eg syntest det var veldig ubehageleg å sjå på, for eg har hatt nokre situasjonar no dei første vekene der eg har følt meg heilt håplaust åleine innimellom, seier Marius Arntsen.

Hybellivet er ikkje berre, berre, men som ungdomane seier; det er mange som kan hjelpe. Marius fekk ein telefon frå eit søskenbarn. Det gjorde alt betre.

Elevane likar at verken serien eller karakterane er glansbilete.

– Vi treng å sjå at det ikkje berre er vi som føler det slik. Det er utruleg mange som slit med angst, så det er godt å sjå at ein serie gjer noko slikt, seier Alsaker.

På lag med generasjonen

Kjersti Wøien Håland

MANUSFORFATTAR: – Kjenner eg meg usikker på framtida så tenker eg på alle dei fantastiske ungdommane eg har møtt og det har ei veldig roande effekt, seier Kjersti Wøien Håland, som sjølv gjekk dramalinja på Firda vgs. på Sandane.

Foto: Kjersti Wøien Håland

Dette gjer inntrykk på manusforfattaren. Ho trur mange kan kjenne seg att i element frå serien.

Det betyr alt for meg. Denne ungdomsgenerasjonen er eg verkeleg på lag med. Om serien kan nå nokon og få dei til å kjenne seg mindre åleine, eller berre gi dei eit rom der dei kan le i ein slitsam kvardag så er det alt eg kunne drøymt om.

Når Håland les i kommentarfelta etter kvar episode kan ho lese både svensk og dansk.

– Det er fantastisk å sjå at folk blir engasjerte nok til å leggje igjen kommentarar. Det er moro når folk diskuterer handlinga og spekulerer i kva som kan skje.