Hopp til innhold

Mann blei knivstukken av «pedojegerar» – blei sjølv dømd

Mannen i 50-åra trudde han skulle møta ein tenåring, men vart knivstukken av såkalla «pedojegerar». No er han dømd til seks månadar fengsel, to av dei på vilkår.

et par mennesker i skogen

DØMD: Ein mann i 50-åra blei i fjor sommar knivstukken i eit skogholt i Indre Sogn. No er han dømd for å ha avtalt møte med mål om seksuell omgang.

Foto: Skjermdump

Mannen i 50-åra trudde han skulle møte ein 15-åring i eit skogholt i Sogn i fjor.

I staden vart han angripen av ein ungdomsgjeng som knivstakk han og filma hendinga.

I sekken hadde mannen med seg kondom og glidemiddel, men meinte sjølv at han ikkje ville ha seksuell omgang med guten.

No er mannen sjølv dømd til seks månadar fengsel, kor 60 av dagane er betinga, for å ha avtalt eit møte med ein person under 16 år med mål om seksuell omgang.

Han er og dømd for å ha overgrepsmateriale av barn, og bilde og filmar som inneheld seksualisert framstilling av barn.

Mannen har erkjent straffskuld for overgrepsmaterialet, men ikkje for å ha avtalt noko seksuelt med barn.

Fire av ungdommane som var til stades under knivstikkingshendinga vart også nyleg dømde. Ein av dei ankar dommen.

Les også Kripos: Sannsynleg med fleire valdshendingar frå pedo-jegerar

et par mennesker i skogen

Framprovosert angrep

Mannen avtalte å møte guten via ein sjekkeapp.

Retten meiner at mannen blei utsett for såkalla «catfishing» av personar som var knytt til nettverket Pedo Hunting Norway.

Retten meiner likevel ikkje at mannen skal få lågare straff, sjølv om møtet var framprovosert.

«Tvert imot viser bevisa at han hadde ein sjølvstendig og aktiv rolle i å fremje og realisere møtet med seksuell hensikt», skriv tingretten i dommen.

Dei legg også vekt på at mannen hadde med seg kondom, glidemiddel, pledd og rusbrus, som indikerte førebuingar til seksuell omgang.

Likevel meiner retten at overgrepsmaterialet mannen hadde er det mest alvorlege forholdet og det berande for straffeutmålinga.

Mannen sin forsvarar Rolf Knudsen seier at dommen var noko strengare enn klienten hans hadde håpt på

– Vi skal bruke tida godt no til å vurdere dommen, og om vi skal anke eller om den skal bli ståande.

Advokat Rolf Knudsen er iført svart kappe under rettssaken mot moren som er tiltalt for grov mishandling mot egen sønn.

Advokat Rolf Knudsen.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK

Grove meldingar

Under rettssaka tidlegare i sommar viste aktor Sissel Kleiven viste fram meldingane på appen Grindr i retten, kor den tiltalte trudde han snakka med ein 15-åring.

Meldingane var av grov seksuell karakter.

– Eg er skamfull, sa mannen om meldingane.

Han forklarte at planen var å sitte på eit liggeunderlag, drikke alkohol og snakke med guten. Han hadde køyrd i mange timar for å møte han.

eit liggeunderlag og ein sekk på bakken i skogen

Mannen hadde med seg liggeunderlag, kondom og glidemiddel då han skulle møte guten.

Foto: Politiet

Forsvararen argumenterte for at mannen ikkje hadde seksuell omgang som hensikt.

– Han manglar vilje til seksuell omgang, og han har heller ikkje evne, sa forsvarar Knudsen.

Det var guten som provoserte fram møtet, ifølge forsvararen. I tillegg bad Knudsen retten ta omsyn til dei voldsomme konsekvensane av knivangrepet og uthenging på nett.

I retten fortalde mannen at han hadde hatt det svært tøft, og særleg etter at videoen av overfallet vart delt på nett.

Knivstikking i Indre Sogn (5 av 5)

I dette skogholtet blei mannen i 50-åra knivstukken.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK