Hopp til innhold

No er dei veglause, vasslause og innefrosne

Bebuarane i Otterdal har mangla veg i over eitt år. No har bukta frose att, dermed kan ikkje skyssbåten gå. Og i kranane kjem det ikkje ein drope ut.

Kollage Otterdalen

HARDE TIDER: Reidunn Otterdal og familien har litt meir tungvinte dagar enn dei fleste grunna manglande veg, vatn og skyssbåt.

Foto: Heidi Lise Bakke/Ole André Rekkedal / NRK

– Nett no er vi innefrosne. Det går ikkje an å køyre båt på vatnet, i tillegg har vi også mista vatnet i kranane. Vatn er veldig aktuelt, kan du seie, seier Reidunn Otterdal.

Familien på sju bur til vanleg i Otterdal, ei lita bygd knappe fire kilometer vest for Grodås i Hornindal kommune.

Då uvêret Dagmar drog over Vestlandet med superkreftene sine i romjula 2011, sopte ho samtidig vekk 1,7 kilometeren av vegen som bind Otterdalen i hop med Grodås. Dermed var familien veglause.

Tre veker utan båtskyss

Etter mykje strev og møde har dei fått på plass ein skyssbåt som skal frakte vaksne til jobb og born til skule.

Men for tre veker sidan var det jamt slutt, for då fraus delar av Hornindalsvatnet att, og dermed vart det umogleg å køyre båt på vatnet.

Og som om ikkje det var nok, slutta vatnet å renne i kranane for vel to veker sidan.

– Vi har tilgang på ei leilegheit i sentrum, så vi brukar den i vekene, og så er vi heime i helgane. Vi tek oss også gjerne ein tur heim att midt i veka, sidan eg har fri onsdagar, seier Otterdal.

Må bere vatn i bøtter

Og for å komme til Otterdal, så er det apostelens hestar som må nyttast.

– Ja, vi må gå fram og tilbake. Før snøen kom så sykla vi også litt, men det går ikkje no. Vi har også gått på ski, så vi tek oss no fram så godt vi kan, seier Otterdal.

Foreldra hennar bur framleis på Otterdal og sidan dei har tyngre for å komme seg derifrå, må vatn køyrast til slik at dei har så dei klarar seg.

– Vi køyrer vatn på traktor og ber i bøtter, seier Otterdal.

Ho torer ikkje tru noko om når isen gir seg på vatnet.

Går for ei periode

– Det er det umogleg å seie noko om. Det kjem heilt an på korleis vatnet blir. Isen har vore ti-15 centimeter tjukk, men no har det snøa på han, så det kan hende det hjelper på. Men blir det kaldt att, så kan det fort ta ei stund, seier Otterdal.

Men det seier seg sjølv at det vert trongt om saligheita når ein er to vaksne og fem born i ei lita leilegheit.

– Det går for ein periode, det gjer det, seier Otterdal.

– Vi ventar på våren. Vi må berre ta ein dag om gongen, det er ikkje noko anna å gjere. Dagane går no dei, så får vi tru det ordnar seg. Og så toler ein også meir når ein veit at det kjem veg til slutt, seier Otterdal.