Hopp til innhold

Ber Samferdsledepartementet byggje tunnel til Otterdal

Fylkestinget har vedteke å be Samferdsledepartementet om statleg ekstraløyving for å byggje tunnel til Otterdal i Hornindal kommune.

Vegen til Otterdal 31.12.11
Foto: Magne Otterdal

Dersom departementet gir ei ekstraløyving, vil dette gje ei fullverdig rassikring av vegen.

Då orkanen Dagmar herja Vestlandet i romjula, vart om lag 1,7 kilometer av vegen mellom Otterdal og Grodås delvis vaska vekk. Bygdefolket har måtte nytta båt for å komme seg til og frå bygda.

Vil ha avklaring innan 1. juni

Fylkestinget utfordrar no Samferdsledepartementet til å ta ansvaret for å få på plass ny og rassikker veg.

Fylkespolitikarane ber om ei avklaring frå samfersleministeren innan 1. juni.

Dersom det ikkje vert løyvd statlege midlar til tunnel, vil fylkestinget byggje vegen oppatt til same standard som før utvaskinga.

Det inneber at vegen ikkje vert rassikra, men sikra mot ny utvasking i framtida.

Kan vere klar hausten 2013

Ein slik ny veg vil vere klar til å bli teken i bruk hausten 2013. Fram til då held den mellombelse løysinga med båttransport på Hornindalsvatnet fram.

Fylkestinget vedtok dette med 23 mot 16 røyster.

Framstegspartiet fremja framlegg om at fylkesrådmannen skal greie ut sak om å leggje ned fylkesveg 664, med eventuell kompensasjon til innbyggjarane i Otterdal.

Dette framlegget fekk tre røyster og fall.

Glad for vedtaket, men skuffa over Sp

Ordførar i Hornindal, Anne-Britt Øen Nygård, er glad for vedtaket i fylkestinget.

– Det tykkjer eg er heilt flott. Eg har heile tida sagt at den einaste samfunnsretta løysinga til Otterdal er å byggje tunnel. Det er snakk om ein tunnel på 1,7 kilometer, og då har vi det trygt og godt for framtida, seier Øen Nygård (Sp).

Ho er derimot ikkje like blid for at partikollegaene hennar stemde imot forslaget.

– Det var litt skuffande. Eg hadde håpt på at dei kunne støtte opp under denne saka. Vi vil jo gjerne at folk skal bu i distrikta, seier Øen Nygård.

Senterpartiet er blant dei fremste til å halde fram kor viktig det er å ta heile landet i bruk. Likevel var altså ikkje partifellene til Øen Nygård interesserte i å stemme fram ein tunnel for Otterdalen.

– Det er kanskje eit paradoks. Eg hadde iallfall håpa på at dei gjekk inn for det. Slik det er tilrådd no, så er det å byggje opp att den vegen som er der. Vi har likevel faren ovanfrå. Det kjem veldig mykje både stein- og snøras der. Så eg er litt skuffa, seier Øen Nygård.

Vil ha mellombels veg

Innbyggjarane i Otterdal ba tidlegare i april om at det blir bygt opp ein mellombels veg som kan nyttast av traktorar og landbruksmaskiner komande sommar.

Dei skreiv då i ei pressemelding at dei har vanskeleg for å forstå at det ikkje let seg gjere å starte arbeidet med vegen i årk, og at bygda er sett 50-60 år tilbake i tid.