Hopp til innhold

Otterdal ber om mellombels veg

Innbyggjarane i Otterdal i Hornindal ber om at det blir bygt opp ein mellombels veg som kan nyttast av traktorar og landbrukamaskinar komande sommar.

Vegen til Otterdal 31.12.11

RASERT VEG: Slik var situasjonen 31.12 2011, og slik er den framleis.

Foto: Magne Otterdal

Innbyggjarane skriv i ei pressemelding gjennom organisasjonen Trygg veg til Otterdal at dei har svært vanskeleg for å forstå at det ikkje let seg gjere å starte arbeidet med vegen i år, og at bygda er sett 50-60 år tilbake i tid.

Vegen til Otterdal vart øydelagd under uvêret Dagmar i romjula. Innbyggjarane ynskte seg ein ny veg som også blir rassikker, men fylkeskommunen har funne det for dyrt. I staden blir det lagt opp til å byggje opp att eksisterande veg, med anleggstart først i 2013.

(Artikkelen held fram under biletet).

Slik berga dei bilane ut frå Otterdal

PROVISORISK FERJE: Slik vart bilane frakta ut frå Otterdal i januar.

Foto: Eilif Harbitz-Rasmussen/Fly by Night AS

Her er pressemeldinga frå Trygg veg til Otterdal:

Innbyggjarar og grunneigarar i Otterdal helsar velkomen grunnlagsmaterialet som er lagt fram når det gjeld istandsetjing av vegen til bygda vår. Vi ønskjer samstundes å rette merksemda på behovet for tiltak som gjer det mogleg å kome fram i Otterdalsstranda med landbruksreiskap i det sommarhalvåret som nå står for døra.

Straksinngrep

Fylkesrådmannen si tilråding i saka er at vegen skal byggast opp att i eksisterande trasé utan sikring, og etter vårt syn må ein då tenke offensivt og syte for straksinngrep slik at vegen kan nyttast av traktor og landbruksreiskapar som høybalgemaskiner til sommaren.

Både våronn og innhausting vil vere vanskelig/uråd utan å kome til med maskiner, samstundes som det er eit hundretals høybalgar frå fjorårets innhausting som Hornindals-bøndene ikkje får hente ut i år. To av Hornindals største bønder tek kvart år ut betydelege mengder fôr frå tre av bruka i grenda.

I Otterdal er vi opptekne av å få ei trygg vegløysing, men vi registrerer dei økonomiske sidene ved saka, og imøteser eit vedtak i saka vi kan leve med. Vegvesenet si utgreiing synest å gje eit godt grunnlag for å treffe avgjerd i saka i fylkestinget 17.04.2012.

(Artikkelen held fram under biletet).

Jørn Nesdal (i midten) fraktar Inge Løvlid og Pernille Tomasgard over Hornindalsvatnet.

BÅT I STADEN FOR BIL: Jørn Nesdal (i midten) fraktar Inge Løvlid og Pernille Tomasgard over Hornindalsvatnet.

Foto: Bengt Flaten / Fjordingen

«Vanskeleg å forstå»

Samstundes er det frå vår ståstad svært vanskeleg å forstå at det ikkje skal late seg gjere å ta til med arbeidet på vegen i år, slik at ein kan få etablert ei vegløysing som nemnt ovanfor snarast råd er etter at vedtaket ligg føre. Med føresett byggjetid vil behovet for ei slik mellombels vegløysing vere stort uavhengig av val av vegløysing.

Otterdal har dei siste tre månadene blitt sett tilbake 50-60 år i tid. All landbasert transport til og frå bygda er utelukka. Bøndene i Hornindal, som normalt hentar ut dyrefôr frå gardane, kjem ikkje til. Otterdal har fem gardsbruk med totalt rundt 200 mål dyrka mark.

Ikkje berre dei 13 som bur der

Dalføret, som utgjer anslagsvis 15 kvadratkilometer, er ein viktig del av Hornindal kommune med sine totalt 190 kvadratkilometer. Talet på personar med dagleg aktivitet knytt til Otterdal er betydeleg i tillegg dei 13 som bur her i dag. Otterdal er dermed ein viktig ressurs for både Hornindal kommune og regionen.

Med smått og stort har i dag opp mot 100 personar, der brorparten er å finne blant kommunens nær 1200 innbyggarar, direkte tilknyting til dei fem gardsbruka. Otterdal bidreg med andre ord betydeleg til busetnad og aktivitet i kommunen samla sett.

(Artikkelen held fram under biletet).

Otterdal

VIKTIG FOR FLEIRE: Otterdal betyr noko, ikkje berre for dei 13 som bur der.

Foto: NRK

Ei løysing som gjev permanent og trygg veg gjer Otterdal til eit attraktivt bu-, nærings- og rekreasjonsområde for både kommunen og regionen. Det er også lagt ned ein betydeleg innsats av nye generasjonar grunneigarar i eigedomane, nye hus er sett opp av familiar med framtidstru og med føresetnad om at veg til grenda er ein sjølvsagt ting.

Det er vidare potensiale for næringsverksemd i grenda, både med tanke på det eksisterande jordbruksarealet og med tanke på bidrag til å utvikle reiselivsnæringa i Nordfjord.