Hopp til innhold

Departementet seier nei til tunnel

Fylkestinget ba regjeringa skaffe ekstra midlar til bygging av tunnel på den rasråka vegen mellom Grodås og Otterdal. Svaret var kontant nei.

Vegen til Otterdal vart vaska vekk 1. juledag 2011.

VASKA BORT: Slik såg fylkesveg 664 ut etter at uvêret hadde rast frå seg i romjula. Framleis må innbyggjarane i Otterdal reise til og frå bygda med båt.

Foto: Privat

Bygda Otterdal i Hornindal får ikkje den etterlengta tunnelen på fylkesveg 664, skriv Fjordingen.

Fylkestinget såg helst at Samferdsledepartementet ga ei ekstraløyving, som kunne gje ei fullverdig rassikring av vegen.

Svaret frå departementet var derimot negativt.

Må framleis bruke båt til og frå

– Vi har føreslege å auke skjønnsmidlane til ekstraordinære utgifter knytt til øydeleggingane på infrastruktur. Men skjønnsmidlane skal brukast til reparasjonar og utbetring av veg til det opphavelege nivået, ikkje dekkje kostnader i samband med ei standardheving, som ein tunnel i Otterdal vil vere eit eksempel på, heiter det i svaret frå Magnhild Meltveit Kleppa.

Ho var statsråd då brevet vart skrive, og sette etter alt å dømme kroken på døra for ei løysing med tunnel på vegstrekninga.

Då uvêret herja i romjula vart den einaste vegen inn til bygda bokstavleg talt vaska vekk av det frådande Hornindalsvatnet.

Nær to kilometer av vegen vart fullstendig rasert, og sidan har dei 13 fastbuande måtte bruke båt for å kome seg til og frå.

Vil byggje opp vegen som før

I svaret frå Samferdsledepartementet syner ein til den statlege løyvinga på 80 millionar kroner til vedlikehaldstiltak etter skader på riksvegnettet som følgje av ras og flaum i samband med stormane rundt årsskiftet 2011/2012.

Sogn og Fjordane vil få 27 millionar kroner til utbetring av riksvegane i fylket.

Politikarane på fylkestinget har signalisert at dei vil byggje opp att vegen til same standard som før, dersom staten ikkje vil løyve ekstra pengar.