Hopp til innhold

Malakoff-festivalen gir milliondryss til lokalsamfunnet

I løpet at to dagar gnafsa 20.000 festivaldeltakarar i seg tre tonn opphøgde poteter, 14.000 hamburgarar og 30.000 einingar med øl. Slikt blir det ryddejobb av. Og kjærkomne pengar i kassa for frivillige lag.

Malakoff

REKORD: Årets festival knuste den førre publikumsrekorden med 3000 publikummarar.

Foto: Øystein Torheim

Tusenvis av tilreisande og eit publikum på vel 20.000 gjer at festivalen skaffar store inntekter til organisasjonar og næringslivet.

På Plassen på Nordfjordeid er folk i ferd med å rake torva forsiktig på plass att i grasmatta. 20.000 besøkjande i helga set sine spor. Då trengst det også folk til å rydde opp.

Therese Solibakke, som er kasserar i Bryggja Idrettslag, er ei av mange som brukar tid før, under og etter festivalen til å skaffe pengar til sin organisasjon.

– Vi har rydda heile området ved Amfiscena og fjerna rusk og søppel og litt forskjellig, fortel Solibakke.

Meir enn éin million kroner

Når tusenvis av tilreisande og fastbuande strøymer til rockescenene på Nordfjordeid, blir ringverknadane store i lokalsamfunnet. Ikkje berre for handelsstanden, hotella og serveringsstadane, men også for frivillige lag og organisasjonar.

Festivalen har ikkje det endelege talet, men reknar med at godt over éin million kroner drys ned på organisasjonslivet i distriktet. For mange betyr det spart tid på å skaffe pengar elles i året.

– Vi hoppa sjølvsagt på, for dette er eit kjempeinnskot til kontoen vår. Vi held på å ruste opp ei lysløype, så vi treng ein del pengar til det. Dette var ein fin måte å få pengar inn på, seier Solibakke.

Blir berre meir for kvart år

Kassaapparata gjekk rekordvarme på Nordfjordeid i helga. Rema 1000 kjøpmann Einar Hildenes konstaterer at festivalen i år gav endå større handel enn venta.

– Det har vore vesentleg meir enn vi trudde på førehand. Vi er i grunn like forundra kvart år over at det held fram med å stige, seier Hildenes.

Einar Hildenes

MEIR ENN VENTA: Kjøpmann Einar Hildenes fortel dei mest ikkje kan tru at tala framleis stig for kvar festival.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Var det slik at de nesten måtte stå klar for å fylle på med varer?

– Vi hadde folk frå leverandørane som omtrent var i butikken heile tida for å passe på at vi hadde rikeleg med varer inne, seier Hildenes.

Hildenes seier heile sommaren, og ikkje berre sjølve festivalhelga, blir prega av festivalen.

– Det gjer jo det at sommaren har vorte ei vanvitig stor tid, og det syner seg også at folk legg opp ferien sin etter når festivalen er, slikt har vorte meir og meir synleg, seier Hildenes.

Nesten tusen frivillige i sving

To store traktorar rullar framleis att og fram i området der det for to dagar sidan var 20.000 besøkjande. Det er blitt veldige dimensjonar over rockefesten i Eid.

I løpet av to dagar selde ein på festivalen til dømes 14000 hamburgarar, tre tonn med opphøgde poteter, 800 salathovud, og 30000 einingar med øl.

Arnt Ivar Naustdal

BETYR MYKJE FOR MANGE: Festivalsjef Arnt Ivar Naustdal trur så at vel éin million kroner kjem lag og organisasjonar til del etter dugnadsinnsats på festivalen.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Festivalsjef Arnt Ivar Naustdal fortel at nær 1000 frivillige frå heile distriktet har vore i sving i år.

– Det er veldig mange som kan basere drifta si på det dei tener her på Malakoff, stadfestar festivalsjef Arnt Ivar Naustdal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Malakoff

FOR LITEN OG STOR: Overskotet frå Malakoff blir mellom annan brukt til konsertar for ungar på dagtid og kveldstid.

Foto: Øystein Torheim

Er ingen pengebinge

Naustdal meiner dei store kulturarrangementa her i fylket gir større ringverknadar enn mange ser føre seg.

– Festivalane har i seg sjølv ei eigenverdi, men det er også ei verdi som er mykje større enn det folk trur. Det er det interessant for oss som festival å få innblikk i, men også for andre, seier Naustdal.

Men med utseld festival er det lett å sjå føre seg store overskot.

Men festivalsjefen åtvarar på si side mot å tru at Malakoff er blitt ein pengebinge.

– Vi har i alle år drive bra økonomisk, men det er ikkje slik at Malakoff vassar i pengar. Vi har profesjonelle krav på oss. Skal vi levere same kvaliteten neste år, så må vi ha pengar til å vidareutvikle oss, seier Naustdal.

Spyttar overskotet tilbake

– Overskotet frå årets festival blir spytta rett inn att i lokalsamfunnet gjennom drifta av gymmen, og då kan vi kanskje ha rockeskule til neste år, vi kan ha arrangørskule, konsertar for ungar på dagtid og kveldstid. Viss vi driv økonomisk bra, så kan vi gjere alle dei positive tinga som vi har lyst til, seier Naustdal.

– Kor mykje sit de att med?

– Akkurat no har vi ikkje oversikt over det, men eg er rimeleg sikker på at det vert overskot i år. Viss ikkje har eg ikkje gjort jobben min, seier Naustdal.