– Med over 10.00 publikumarar inne har vi ikkje fleire billettar att i år, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal i ei pressemelding.
Allereie før campen opna på fredag føremiddag, var kø i fleire timar utanfor området.
God respons
Igår spelte desse artistane på rockefestivalen: Morten Abel, Graveyards, Kaizers Orchestra, Bad Religion, Eva & the Heartmaker, The Tallest Man on Earth, Blood Command og Lars Vaular.
– Artistane er strålande fornøgde og hatt fantastisk god respons frå publikum, seier Naustdal.
Festivalsjefen tykkjer det var kjekt å sjå så mykje folk på festivalområdet allereie klokka seks.
(Artikkelen held fram under biletet)
OMPA: Det populære livebandet Kaizers Orchestra var eitt av banda på scena fredag kveld.
Foto: Jeanette Løvold / Malakoff RockfestivalFullt laurdag
Det er venta like mykje publikum til konsertane til dag to, og har du ikkje kjøpt billett er det for seint. Festivalen er utselt.
– I morgon er det berre dei som allereie har fått billett som slepp inn, seier Naustdal.
Ungar under 12 år slepp inn i følgje med foreldre med billett.
Køar og venting
Det var veldig mykje folk innanfor portane både på festivalområdet og campen. Det førte til meir venting og køar for festivalgjengarane.
Festivalsjefen er glad folk har vore så tålmodige.
– Publikum har vore tålmodige med oss. Det er vi svært glade for. Eg reknar med det vert betre i morgon, seier Naustdal.
Festivalen har nådd kapasiteten, men tilbakemeldingar frå tryggleiksselskap og Røde Kors seier at arrangementet likevel er gjennomført i trygge former.